Herold

Turlaget inviterer til ny folkefest på Sørstrand

Kilde: Firdaposten Author: Egil Kristian Aardal Published: 2026-05-28 22:11:00
Turlaget inviterer til ny folkefest på Sørstrand

Flora Turlag feirar 50 år med triveleg jubileumsfeiring på Sørstrand laurdag.

Turlag markerer 50-årsjubileum med gratis familiefest på Sørstrand folkepark laurdag 30. mai, frå klokka 12 til 17.

– I 50 år har Flora Turlag bidrege til friluftsglede, dugnadsånd og aktivitet for alle aldrar. Vi håpar du vil vere med oss og feire denne store dagen. Saman skaper vi nye turminne for dei neste 50 åra, melder arrangøren.

Jubileumsmarkeringa blir ei feiring der både medlemmer, tidlegare frivillige, barnefamiliar og nysgjerrige er velkomne.

Det blir lansering av jubileumshefte klokka 14, som inneheld høgdepunkt frå turlaget si historie, glimt frå dugnadsarbeid og turar, bilde frå medlemmer og ein hyllest til frivillig kultur.

Det blir enkel servering med kaffi, saft, betasuppe, flatbrød, grilla pølser og kaker.

Barnas Turlag stiller med aktivitetar for dei yngste, inkludert natursti, leik og konkurransar. Padlegruppa inviterer til lågterskel kajakk- og SUP-aktivitetar med instruktør.

Arrangementet er utandørs, så deltakarane blir bedne om å kle seg etter vêret.