Nei, du er ikkje velkomen viss du ikkje kan oppføra deg
Nyleg hadde vi dette lesarinnlegget på kvinnheringen.no. Det var i utgangspunktet eit innlegg på Christian Bjørgen sin eigen Facebook-vegg, og som eg som redaktør spurde om Kvinnheringen kunne få publisera fordi eg syntest det var eit godt og viktig innlegg. Då vi delte innlegget via Kvinnheringen si Facebook-side fekk posten 426 kommentarar før eg valde å stenga kommentarfeltet. Kvifor skal eg komma nærmare innpå litt seinare. Det var tydeleg i kommentarfeltet at dei fleste berre hadde lese tittelen på innlegget, og ikkje innhaldet.
Eg sit igjen med dårleg samvit overfor Christian på grunn av all edder og galle som dukka opp i kommentarfeltet vårt, men heldigvis er det noko som trumfar det dårlege samvitet mitt:
- Det var flest saklege kommentarar, og mange viste støtte og kjærleik.
- Eg måtte berre sletta rundt 9 av dei 426 kommentarane. Ein del av dei var rett nok usaklege, men ikkje stygge nok til at eg sletta dei.
- Poenget til Christian i lesarinnlegget blei veldig tydeleg: Ein gjeng i mindretal skreik høgt og stygt om kor fælt det er med Pride. Dei er ikkje heimehøyrande i Kvinnherad, men ser ut til å ha det som hobby å finna alt mogleg Pride-relatert på Facebook, sjølv på ei lokalavis, og så gå til korstog mot dei som prøver å formidla noko om kvifor Pride-markering er viktig.
Nyleg var både eg og Christian Bjørgen del av eit panel i eit ope møte om netthets i regi av Kvinnherad Arbeidarparti. Det kom på bakgrunn av alt hatet som blei synleg i samband med pressedekninga av Jonas Gahr Støre sitt besøk i Kvinnherad. Då òg enda det med at eg måtte stenga kommentarfelta knytt til alle artiklane vi hadde om dette besøket. Det er første gong eg har opplevd i mi tid som redaktør, ei rolle eg fekk i 2019.
Under dette netthets-møtet sa Christian at dette hatet kom til å auka i styrke i kommentarfelta landet rundt i samband med Pride-markeringa som er lagt til juni. Han fekk rett. Dermed føler eg at det no er nødvendig med litt folkeopplysning frå mi og Kvinnheringen si side.
Dette med å vakta ytringsfridomen, og styra kor grensa går i forhold til den, er noko av det vanskelegaste vi i pressa driv med. Vi driv med kommunikasjon, og når det gjeld kommunikasjon må ein bruka ein del skjønn. Det finst mange måtar å kommunisera og ordlegga seg på for å få fram ein bodskap.
Og: Kvinnheringen ønskjer debatt velkomen. At folk ytrar si meining om ei sak, enten via intervju i artiklar, i lesarinnlegg, eller via kommentarar på Facebook, meiner vi er bra for demokratiet. Men: Vi både kan og vil ta ansvar for kva som blir ytra i kanalane våre og plattformene våre. På kvinnheringen.no og i papiravisa kan folk få publisert lesarinnlegg. Vi les gjennom og vurderer kvart einaste som kjem inn, og tar ei individuell vurdering. Innimellom avviser vi innlegg, eller gir tilbakemelding om at det bør endrast, viss forfattaren til dømes kjem med krasse, usaklege påstandar, eller vi mistenker direkte faktafeil.
Når det gjeld Facebook, så er det ei meir utfordrande plattform for oss. Kven som helst kan ytra ting i kommentarfeltet der når som helst, utan direkte godkjenning frå oss, i alle fall førebels. Og det tenker eg i utgangspunktet er bra. Eg synest det var eit viktig poeng Erik Knudsen, professor i medievitenskap ved Universitetet i Bergen, hadde i vår artikkel nyleg, om at ikkje alle har kunnskap eller ressursar til å uttala seg i lesarinnlegg-form. Tonen på Facebook er meir munnleg, uformell og direkte, ein skriv ikkje så langt, og terskelen er lågare for folk flest til å kommentera noko raskt, der og då.
Vi ønskjer heilt klart kommentarar, reaksjonar og engasjement rundt artiklane vi lagar. Men vi ønskjer ein sakleg debatt, og vi ønskjer at folk viser folkeskikk. Det kan vi faktisk bestemma på Facebook-sida vår og i kommentarfeltet til sakene våre der. Kvinnheringen eig ikkje Facebook, men vi «eig» Facebook-sida vår, og har eit redaktøransvar for den. Alt vi publiserer der – alle linkar til sakene våre der – er innhaldet vårt, som vi styrer. Så til dei som lurer på om vi driv med sensur, eller begrensar ytringsfridomen i vår kanal på Facebook, så er svaret: Ja, til ein viss grad, og ved behov. Viss nokon får ein kommentar sletta hos oss, så står dei fritt til å kommentera i eit anna forum eller på eigen vegg. Der har vi ikkje det ansvaret eller den makta.
Så tilbake til dette med stenging av kommentarfelt. Vi er ei lokalavis med sju tilsette som søv på natta. Vi har ikkje ei vaktordning med nattevakt der éin person sit og følgjer med på kommentarfelt. Derfor kan det innimellom gå ei tid før vi blir merksame på at kommentarfeltet har eskalert, og så går inn og moderer, slettar kommentarar eller stenger kommentarfeltet heilt. Det er heldigvis sjeldan behov for det, men innimellom får vi kjeft for å vera for trege. Og aviser har blitt felt i Pressens Faglige Utval (PFU) før, for å ikkje ha vore kjappe nok med å sletta kommentarar eller stenga kommentarfelt. Å ty til stenging av kommentarfelt ønskjer vi sjølvsagt ikkje, då hindrar vi òg motstemmer og stoppar debatten tvert, men av og til er det einaste måten vi kan ta kontroll på.
Og så til deg som synest Kvinnheringen er ei venstrevridd møkka-avis som berre formidlar piss: Du står heilt fritt til å velja deg andre aviser. Du MÅ ikkje lesa oss, og du MÅ ikkje kommentera på våre saker. Og la det vera klinkande klart: Viss du ikkje klarer å oppføra deg, men slenger drit, kjem med personangrep eller skriv stygge ting – så er du ikkje velkomen i den offentlege debatten Kvinnheringen styrer på flatene våre. Då kan du ytra deg i andre forum der du finn likesinna. Eg personleg har vondt av deg som føler behov for, eller føler deg betre, av å rakka ned på andre. Då tenker eg at du truleg ikkje har det godt med deg sjølv, og eg beklagar på vegne av storsamfunnet at vi har svikta deg og ikkje vist deg nok kjærleik. Hat og sinne avlar hat og sinne. Viss du vil ha det godt i livet, har eg stor tru på at det hjelper å prøva å spreia meir kjærleik og forståing. Vér mot andre som du vil dei skal vera mot deg!