Gav gass i Porschen – tok sin første siger: – Supertstolte over han
Mathias Teigen køyrde inn til sin første siger i GT3.
Pit’n bros racing team fekk ei strålande helg på Motorcenter Norway i Sokndal då det var klart for andre NM-runde i GT3 for Mathias Teigen.
Den unge og lovande sjåføren starta helga med ein 3. plass i løp éin.
– Mathias låg lenge og kjempa om andreplassen heilt til dekka blei for varme, som gjer at det er vanskeleg å henga med, skriv laget på Facebook.
Med nye dekk var Mathias klar for runde to. Det vart ein runde han seint vil gløyma.
– Mathias tok raskt starten og etter eit av dei mest intense løpa til no vart det første siger i GT3, skriv laget.
I tredje og siste løp for helga avslutta Teigen med ein andreplass. Som betyr at han fekk prøva ut alle trinna på pallen i løpet av helga.
– Det var ei veldig bra helg. Vi er supertsolte over det Mathias har prestert. Han køyrde utruleg bra, og både bil og lag fungerte bra, seier Ronny Teigen i Pit'n bros racing team til Kvinnheringen.