Herold

Kamp mot klokka for å unngå storstreik i offentleg sektor

Kilde: Sogn Avis Author: NPK-NTB-Kenneth Kandolf Haug Published: 2026-05-28 08:14:12
Kamp mot klokka for å unngå storstreik i offentleg sektor

12.000 tilsette i kommunar og fylkeskommunar, og dessutan 2500 statstilsette, kan vere på veg ut i streik frå fredag. Alle auge blir no retta mot Riksmeklaren.

Tre meklingar går føre seg parallelt, alle med dei fire hovudsamanslutningane LO, YS, Unio og Akademikerne ved bordet: med KS, med Oslo kommune, og med staten ved Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet.

Fristen er midnatt natt til fredag. Kjem ein ikkje i mål, bryt det ut storstreik allereie fredag.

Sjølv om det allereie går føre seg to svært synlege streikar i norsk arbeidsliv – i hotell- og restaurantbransjen og i reinhaldsbransjen – vil ein streik i stat og kommune kunne ramme det norske dagleglivet langt hardare.

Blant dei kommunalt tilsette som blir tekne ut i streik, finn ein tusenvis av barnehagetilsette, lærarar, helsearbeidarar, bibliotekarar, kulturarbeidarar og saksbehandlarar.

Varslar streik for 50 medlemer i Sogn

Skule blir hardt ramma

LO er klart størst og tek ut 6573 tilsette, men vel i første omgang å ta ut kulturarbeidarar og administrasjonstilsette. Desse er primært organiserte i Fagforbundet. Også YS tek i første omgang ut administrativt tilsette.

Unio, som er langt mindre, rettar uttaket sitt mot berre fem kommunar: Asker, Bamble, Sandnes, Tromsø og Trondheim. Der blir totalt 2495 tilsette tekne ut, blant dei heile 48 av dei rundt 100 tilsette ved Sandved skule i Sandnes sentrum.

Skulen blir dermed ein av dei hardast ramma.

– Vi jobbar no både i kommunen og ute på dei aktuelle skulane med å få oversikt over kva konsekvensar dette kan få. Skulane ser mellom anna på korleis skulekvardagen vil bli påverka, og kva tilbod det vil vere mogleg å gi elevane innanfor dei rammene vi må forhalde oss til, seier skulesjef Hege Egaas Røen i Sandnes til Sandnesposten.

Oslo kommune er eit eige tariffområde. Her kan over 2000 tilsette takast ut dersom partane ikkje blir samde. Heile 1965 av dei er frå LO, medan YS tek ut 69 og Unio 40.

Blant verksemdene som blir ramma, er barnehagar, skular, Nav, kommunale bad og gjenvinningsstasjonar, skriv Fagbladet.

Ulike prioriteringar

Prioriteringane sprikjer noko mellom organisasjonane. Alle ønskjer naturlegvis høgare lønn – gjerne med auka kjøpekraft.

Men der LO tradisjonelt vektlegg låglønnstillegg, jobbar Unio primært for å tette lønnsgapet mellom kommunal og privat sektor for tilsette med høgare utdanning. Også YS prioriterer denne gruppa.

I staten er situasjonen endå meir kompleks. I tillegg til å forhandle fram semje mellom Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet og alle fire arbeidstakarorganisasjonar, må Riksmeklaren også ta stilling til eit spørsmål det har vore strid om i ti år.

Sidan 2016 har det nemleg eksistert to separate tariffavtalar i staten – éin med Unio og Akademikerne, og éin med LO og YS. Sistnemnde ønskjer å gå tilbake til éin felles avtale, noko staten også har gitt uttrykk for interesse for.

I førre hovudoppgjer i 2024 braut Unio og Akademikerne meklinga, mellom anna for å redde avtalen sin – noko som førte til den første statsstreiken sidan 2012.

Færre blir tekne ut i staten

I staten er det vesentleg færre som kan gå ut i streik fredag. LO tek ut 1186, Akademikerne vel 900, YS 344 og Unio berre 93. Det vil ramme nesten alle departementa, fleire universitet og ei rekke statlege direktorat og etatar – mellom anna blir heile 154 av Brønnøysundregisteras 480 tilsette tekne ut i streik.

Fleire av hovudorganisasjonane har likevel meldt plassfråtreding for fleire medlemmer. I Unios tilfelle vil litt over 600 ekstra gå ut i streik allereie måndag.

Blant dei er store delar av Utrykkingspolitiet, noko som kan føre til vesentleg færre fartskontrollar på norske vegar. LO har ikkje meldt nokon dato for opptrapping, men kan ta ut over 3000 fleire arbeidstakarar i staten på fire dagars varsel.

Fredag kveld – og kanskje heilt til laurdag morgon – kan dermed bli ein svært spent affære. Det gjeld ikkje berre for offentleg sektors arbeidstakarar og arbeidsgivarar, men også for alle som er avhengige av offentlege tenester i kvardagen.

Og det gjeld dei aller fleste.

Fakta om mogleg streikeuttak i stat og kommune:

KS-området (alle kommunar og fylkeskommunar utanom Oslo):

* LO: 6573 tilsette, hovudsakleg innan kultur og administrasjon

* Unio: 2700 tilsette i barnehagar, skular, helseinstitusjonar, bibliotek og andre kommunale tenester

* YS: 569 medlemmer, i hovudsak i administrative stillingar

* Akademikerne: Ingen i første omgang.

Totalt 9842 tilsette fordelte på 159 kommunar, fylkeskommunar og verksemder

Oslo kommune:

* LO: 1965 tilsette

* YS: 69 tilsette

* Unio: 40 tilsette

* Akademikerne: Ingen i første omgang

Totalt 2074 tilsette

Staten:

LO: 1186 tilsette

Akademikerne: 900 tilsette

YS: 344 tilsette

Unio: 93 tilsette

Totalt 2523 tilsette