Herold

Er du med på «Fotballtrøye-Fredag»? Då vil vi ha bilde

Kilde: Kvinnheringen Author: Marius Tveit Nissestad Published: 2026-05-27 19:00:00
Er du med på «Fotballtrøye-Fredag»? Då vil vi ha bilde

Fredag 29. mai kan du ta på deg favorittdrakta di med godt samvit.

Då går nemleg årets utgåve av «Fotballtrøye-fredag» av stabelen. Og sjølv om fotballdrakta står sentralt denne fredagen, er dette ein dag som handlar om noko langt større enn fotballdraktene.

– Det handlar om fellesskap, om å stilla opp for kvarandre – og om å gi håp til barn og familiar som står i sin livs tøffaste kamp, seier generalsekretær Trine Nicolaysen i Barnekreftforeningen i ei pressemelding.

Barnekreftforeningen oppmodar alle om å kle seg opp i favorittdrakta på jobb, og visa støtte til barn og unge som er råka av kreft.

– Du kan engasjera deg i Fotballtrøye-Fredag som privatperson, saman med kollegaene på arbeidsplassen eller i klassen på skulen. Små og store bidrag er med på å gi støtte der det trengst mest, skriv Barnekreftforeningen.

Triksekonk

I år som i fjor er det fleire bedrifter i Kvinnherad som markerer dagen. Blant anna Palfinger på Seimsfoss.

– Vi oppmodar alle til å stilla med drakt på fredag og stå saman for ei viktig sak. Velferda i Palfinger støttar kampanjen ekstra for kvar tilsett som har fotballtrøye denne dagen. Vi køyrer også i gang ein uformell triksekonkurranse på kontoret, seier Hilde Apeland i Palfinger.

Kvinnheringen er også med i år, og støtter Barnekreftforeningen med 300 kroner per tilsett som har på seg fotballdrakt på jobb fredag.

Skal du og di bedrift delta? Då set Kvinnheringen stor pris på om de vil dela bilde med redaksjonen ved å senda til redaksjon@kvinnheringen.no.

Bilda kan bli publiserte på Kvinnheringen.no eller i papiravisa vår. Skriv gjerne med litt tekst om kven som er på bilde og kva bedrift det er snakk om.

Fotballtrøyene som reddar liv