Herold

Retning, makt og verdiar

Kilde: Sogn Avis Author: Henny-Kristin Asperanden Navarsete, Arbeidarpartikvinne, tillitsvald og dagleg brukar av vass- og avløpsordninga i Sogndal kommune, Leikanger Published: 2026-05-27 12:03:26
Retning, makt og verdiar

Eg viser til lesarinnlegget skrive av min tidlegare partikollega i Arbeidarpartiet, seinare listekandidat for Venstre og no høgremann Tobias Dahle. Han skriv om sitt syn på organiseringa av vass- og avløpsordninga i Sogndal, forsvarar Sosialistisk Venstreparti og spør til slutt om eg ikkje var klar over at det var Stoltenbergregjeringa (2000- 2001 og 2005 – 2013) som i si tid innførte New Public Management (NPM) i offentleg sektor I Noreg.

Sidan eg har studert mellom anna forvaltningspolitikk, reformanalyse og reformarbeid ved Universitetet i Bergen er det spanande å lesa Tobias sine vurderingar knytt til NPM.

Noreg innførte gradvis element frå NPM frå 1980-talet med mellom anna fristilling og mål og resultatstyring, men gjennomslaget for NPM i Noreg kom med Bondevik 2-regjeringa (2001-2005).

Dei aller fleste av oss er godt kjent med at Jens Stoltenberg gjennomførte reformar i offentleg sektor som var inspirert av New Public Management då han var statsminister.

Som Dahle sikkert kan kjenna seg att i, er det ikkje alltid ein er samd med alt eins eige parti har gjort, og eg reknar med at han er kjent med at Arbeidarpartiet gjekk til val med tillitsreform i offentleg sektor som ein av dei viktigaste sakene ved førre val. Tillitsreform er det motsette av NPM.

Men, for meg handlar ikkje dette om kven som kan mest om verken Stoltenberg eller New Public Management. Det handlar om politikk, demokratisk styring, kontroll med fellesskapet sine ressursar og at offentleg tilsette utfører offentlege oppgåver.

Eg meiner framleis at det er rett og naudsynt å vera tydeleg når politiske løysingar vert presentert som noko ufarleg, teknisk og tilforlateleg, når det i realiteten handlar om både retning, makt og verdiar.

Organisering av vass- og avløpssektoren i Sogndal kommune

Oppgradering av vatn og avløp er også miljø, ikkje berre økonomi

Kan vera første steg mot ny super-etat

Sogndal vatn og avføring AS?