«Nattfly» på Bømoen?
I møtereferatet frå «Flyplassutvalet» ved Bømoen 27.04.2026, står fylgjande:«Direkte fly frå Belgia torsdag 23. april, med landing 21.45: Flyplassen skal ikkje nyttast når det er mørkt. Dersom det unntaksvis må landast utanom opningstida, må heradet vera varsla om dette, slik at det kan svarast ut når folk ringjer og spør. Tollmynde skal varslast i tråd med regelverket.»Til Hordaland seier fagsjef Iril Schau Johansen, at dei har oppretta sak på landinga, og varsla mogeleg gebyr for brot på flyreglane. Kameraposisjonen for video av landinga, som ligg på VH nettside, er geolokalisert til Ygre.
Generelle flyreglar
For flyging gjeld enten IFR (Instrument Flight Rules) eller VFR (Visual Flight Rules). VFR gjeld for Bømoen, og er nærare definert i:
“EU-OPS 1 , REGULATION (EC) No 1899/2006 of 12 December 2006”.
For flyplassar utan ILS, (Instrument Landing Systems) er det krav til horisontal, vertikal sikt, og dagslys. I Appendix 2, pkt 3 er natta definert til:
“the hours between the end of evening civil twilight and the beginning of morning civil twilight”.
Dette er litt seinare enn solnedgang. For 23. April viser NOTAM-tabellen VFR-grense for Bømoen ca. kl. 22.05.
Internasjonale reglar for grensepassering
ICAO er FNs “International Civil Aviation Organization”, skipa 1947. Der finn vi mellom anna:
“General Aviation Guide for Norway”med regelverket for «Entering or leaving Norway».For landing på private flyplassar gjeld PPR (Prior Permission Required). Ein komplett flight-plan er påboden for all flyging som kryssar nasjonsgrenser. Denne planen skal opplyse om avgangstad og tid, (ETD: Estimated Time of Departure) flyruta, stad for grensepasseringar, og landingsstad med ETA (Estimated Time of Arrival). ETA må vera innafor dagslystida for VFR-flyging, definert i EU-OPS 1.
Å lande fly utan ILS på Bømoen i mørke, utan senterlinelys, kantlys og strobelights på final, vil vere mildt sagt hasardiøst. I tillegg ulovleg jfr. VFR reglane.
Transponderkartet viser at flyet tok av frå Belgia kl. 17.46 CEST (Central European Summer Time) og landa på Bømoen kl. 21.45 CEST, etter å ha vore innom Tyskland, fulgt vestkysten av Danmark, og kryssa kysten av Norge om lag ved Lista. Landingstida var i samsvar med ETA (Estimated Time of Arrival, Sceduled, Time).
Landinga 23. April var i samsvar med internasjonalt regelverk for flyging over landegrenser.
Tollklarering.
Flight-plan skal vere levert til ATS (Air Traffic Services) seinast 60, min. før avgang. Der pliktar flygaren å opplyse om det finst noko som krev tollklarering om bord. I så fall skal flight-planen også sendast til tollops@toll.no i Norge, eventuelt telefonisk til AIS/NOTAM på Gardermoen, seinast 4 timar før ankomst til norsk luftterritorium. Første landing i Norge skal i utgangspunkt vere på flyplass med internasjonal status. Unnateke dersom: “You do not carry anything on board that must be decleared for Customs”. Grensepassering blir då omtrent som når vi kjem frå utlandet og går på grønn sone.
Skulle flight-planen varsle tollplikt, eller stikkprøve er ynskjeleg, vert flyet omdirigert til næraste flyplass med internasjonal status etter grensepassering. Dei aller fleste fly har transponder, ein liten radioduppeditt som sender ID-signal undervegs. Når «blippet» frå flyet dukker opp på radarskjermar vil operatørar og flygeleiarar med ein gong kunne sjå ID, destinasjon og ETA frå flight-planen, som ligg digitalt i systemet. Kartbiletet i dette innlegget er henta frå sporing via transpondersignalet frå flyet. Det viser kurs, fart, høgde, destinasjon og landetid, som var på planlagt (sceduled) ETA-tid.
Oppsummering:
Ut frå gjeldande nasjonale og internasjonale reglar har flyet, D-FLOC, som 23.april i år flaug frå Belgia til Bømoen, innfridd alle krav, både innafor VFR regelverket og ICAOs reglar for tolldeklarasjon ved grensepasseringar.
MyPPR er ein lokal oppretta kommunikasjonsteneste for å ha oversikt over landingar og aktivitet for flyplassar som ikkje har flyleiarteneste. Førehandsmelding til MyPPR er «optional» (valfri) og ikkje «mandatory» (påbode), jfr. ICAOs regelverk. Registrering her kan også gjerast i ettertid.
Kva «fagansvarleg» i VH måtte meine om flyturen, er irrelevant, så lenge gjeldande internasjonale reglar for grenseoverskridande lufttrafikk er fulgt til punkt og prikke. I beste fall indikerer sakshandsaminga mangel på grunnleggjande flyfagleg kunnskap og kompetanse.
Reagerer på landing etter stengjetid. – Eg gjorde alt rett
Flyplass-sjefen i Bømoen fryktar narkosmugling
Brannen i Bømoen: – Dette kunne blitt eit skikkeleg inferno