Herold

Politiloggen: Politiet sjekka ny «vinglebil»

Kilde: HF Author: Gro Heidi Åsen Published: 2026-05-27 09:36:07

Politiet i Hardanger rykte tysdag ut etter melding om ein «vinglebil» på Rv. 13.

Tipset om den såkalla «vinglebilen» kom inn med bekymring for rus. Då politiet kontrollerte sjåføren, kom det fram at vedkomande var ein indisk turist som var ukjend med lokale vegar og usikker på høgrekøyring. Politiet fann ingen grunn til å reagera vidare.

Også førre veke kom det ei liknande melding, då frå vestsida.

Morten Fosse ved Hardanger politistasjon stadfestar at indaren dei snakka med tysdag ikkje er eit isolert tilfelle.

– Det har vore eit par liknande meldingar til no i år, seier Fosse.

🏷️ Extracted Entities (3)

Hardanger (entity) Morten Fosse (person) Rv (entity)