Kyrkjeasylant Suel Kassembo har budd ulovleg i Noreg i 20 år – no blir han sendt ut av landet
Suel Kassembo har budd i kyrkjeasyl dei siste tre åra, som den einaste i landet. No hentar politiet han, for å sende han ut av landet.
Det bekreftar sokneprest Solfrid Leinebø Seljås, som seier at utlendingseininga er komen for å hente kyrkjeasylanten.
– Eg skjelv. Vi har jo visst heile tida at dei kjem og hentar han, men vi hadde vel håpt at han skulle få innvilga amnesti, seier ho.
Kassembo har budd ulovleg i Noreg i meir enn 20 år. Dei siste åra har han sete i kyrkjeasyl, som den einaste i Noreg.
Han kom til landet i 2004, og oppgav då at han var 16 år gamal. Han sa at han flykta frå Burundi etter at søstera og foreldra var drepne.
Men staten trur ikkje på historia hans, og han har tapt i både tingretten og lagmannsretten.
Kassembo vil ikkje samarbeide om å reise tilbake til Burundi fordi han hevdar han er i livsfare viss han gjer det.
Dette er saka
- Suel Hussein Kassembo kom til Noreg i 2005 og ba om asyl.
- Han hevdar han kjem frå landsbyen Buyenzi i Burundi og at både foreldre og systera blei drepne rett før han reiste.
- Kassembo oppgav at han var 16 år gamal og ikkje hadde slektningar i live i heimlandet.
- Dersom han hadde blitt trudd på dette, hadde han truleg fått opphald i Noreg.
- Han fekk avslag på asyl i januar 2007, og blei utvist i 2010. Han har seinare også fått avslag på arbeidsløyve. Fleire klagesaker har ikkje endra dette.
- Styresmaktene festar ikkje lit til historia hans. Dei meiner han er eldre enn han seier og kjem frå nabolandet Tanzania, ikkje Burundi.
- Han har opphalde seg ulovleg i landet sidan han fekk avslag, for det meste på Søre Sunnmøre. Styresmaktene hevdar også at han har budd på skjult adresse.
- Nyleg la han fram papir som han meiner dokumenterer både alderen og landet han kjem frå.
- Styresmaktene festar ikkje lit til at dokumentet er ekte, men slår likevel fast at dei vil sende han tilbake til Burundi.
- I august 2023 blei han pågripen av politiet for å bli send ut av landet.
- Berre timar før flyet gjekk, fekk han medhald i at retten skal vurdere saka hans.
- Det skjedde i Oslo tingrett i november 2023.
- Støttespelarar har samla inn pengar til rettsaka. Over 10 000 menneske har skrive under på eit opprop for at Kassembo skal få bli i Noreg.
- Oslo tingrett har tidlegare slått fast at vedtaka til Utlendingsnemnda er korrekte og at Kassembo må ut av landet.
- Borgarting lagmannsrett behandla ankesaka i midten av oktober 2024 og gav han ikkje medhald.
- Seinare har Høgsterett og Menneskerettsdomstolen avvist å behandle saka.
Stort engasjement
Kassembo-saka har skapt stort engasjement i lokalsamfunnet, og fleire har jobba for å halde han i landet.
Støttegruppa «Rettferd for Suel» bad nyleg om at politikarane skulle setje av pengar i revidert statsbudsjett til å gje Kassembo amnesti, og folk har gått i fakkeltog for å vise støtte.
Bjørn Prytz, som er leiar i støttegruppa, seier situasjonen er trist. Dei meiner at det er formelle feil i vedtaket til politiet, og har engasjert advokat.
– Då blir det advokatatmat, seier han.
Ifølgje Prytz blir Kassembo henta ut av kyrkja akkurat no, og skal etter planen sendast ut med fly tilbake til Burundi i løpet av veka.
Suel Kassembo og sokneprest Solfrid Leinebø Seljås.