Herold

Siri tek på seg ansvaret: – Eg har fått med meg ein gjeng solide og effektive venninner

Kilde: Hordaland Author: Silje Solstad Published: 2026-05-27 02:00:00
Siri tek på seg ansvaret: – Eg har fått med meg ein gjeng solide og effektive venninner

Siri Tronerud Andersen og ein ny dugnadsgjeng tek den tradisjonsrike løpsfesten vidare.

Rett før helga sat Siri Tronerud Andersen i sofaen og slappa av då sambuaren las i Hordaland at Vossasvint'n mangla arrangørar.

– No når du er ferdig med eksamen, så kan du vel ta på deg ansvaret for Vossasvint’n, spurde sambuaren henne.

Siri trengde inga tenkjetid og tok utfordringa.

– Eg er ein organisatortype. Mykje er gjort med god planlegging, seier Siri.

Ein god gjeng

No har ho nettopp teke på seg ansvaret, og når Hordaland ringjer er ho alt på veg ut døra frå tinghuset etter å ha sikra løyve til idrettsbana.

Dato og klokkeslett for den gjennoppståtte løpsfesten er alt spikra, nemleg tysdag 16. juni klokka 17.30.

Siri skal ikkje gjera alt åleine.

– Eg har fått med meg ein gjeng solide og effektive venninner, så no fyrer me i gang, seier Siri.

Veninnene er alle småbarnsforeldre, noko som ifylgje Siri gjer dei til tidseffektive tidsoptimistar.

Løpet vert enklare i år

Arrangementet vert litt enklare enn vanleg.

– Eg tykkjer det er viktig at me får gjennomført løpet før sommaren, seier Siri.

Løypa vert litt kortare enn tidlegare år, nemleg på om lag tre kilometer, ikkje kring fire kilometer som før.

Den nye dugnadsgjengen har valt å ha heile løypa på skikkeleg veg.

På denne måten sikrar dei at både barnevogn og rullator kan ta seg fram i løypa. Tre kilometer er dessutan ein distanse som også små born kan klara å gå sjølve.

Siri avslører at oppvarminga vert leia av nokre born denne gongen.

Dei skal vera instruktørar for «Bli med-dansen» i fellesskap før løpet.

– Påmeldinga opnar snart, og me oppmodar flest mogleg til å melda seg på elektronisk slik at me veit kor mange deltakarar me kan forventa på løpsdagen, men om du ikkje har meldt deg på så er du velkomen til å kjøpa billett på løpsdagen også, seier Siri.

Treng sponsorar og frivillige

– Me er avhengige av sponsing, anten i form av pengar eller premiar til trekking. Eg oppmodar bedrifter som vil sponsa økonomisk eller med gåver om å ta kontakt med meg. Vossasvint'n skal vera eit lågterskeltilbod, men me vil også leggja til rette for dei som vil springa raskt, seier Siri.

– Me premierer dei tre raskaste løparane i tillegg til premiering av beste antrekk. Alle som deltek er med i trekning av premiar.

Arrangementet manglar framleis løypevakter, og Siri vert glad om du tek kontakt viss dette er noko du trur du kan bidra med.

Ho fortel at lesarane av Hordaland må fylgja med på Vossasvint’n si facebook-side for oppdateringar om løpet.

– Er dette noko du har tatt på deg fast?

– No står eg oppført som leiar for Vossasvint’n i Brønnøysundregistera. Så eg ser for meg at eg kjem til å ha dette ansvaret i nokre år ja.

Smartembed for https://services.api.no/api/componenthub/v1/dashboard?component=reels-carousel_reelsCarousel&publication=www.avisa-hordaland.no&tag=reel&title=Har+du+f%C3%A5tt+med+deg+desse%3F&limit=20&source=www.avisa-hordaland.no