Satsar på både aktivitetar og sommarjobb for lokal ungdom
Vaksdal frivilligsentral skipar til fleire sommaraktivitetar for barn og unge. Økonomisk støtte gjer det no mogeleg å tilby løna sommarjobb til ungdommar, men også andre dreg nytte av midlane.
Frivilligsentralen planlegg fleire tiltak i månadene som kjem. Dette skjer etter at dei fekk tilskot frå Bufdir og 100.000 kroner frå Gjensidigestiftelsen. Villmarksleiren blir arrangert i byrjinga av juli, og det blir open hall i Turbinen i veke 28, i byringa av juli.
- Det har vore etterlyst blant ungdommen at dei ynskjer å jobba. No kan me bruka ein del av pengane til å løna ungdom frå 10. klasse og oppover som aktivitetsleiarar på både leiren og i hallen, seier frivilligkoordinator Maren Amanda Thorkildsen.
Ho fortel fornøgd at ein har fått inn nok søkjarar til desse jobbane til at dei kan setja i gang tilsetjingsprosessen.
Hjelp til familiar
Frivilligsentralen nyttar også midlane til eigne ferieaktivitetar for barnefamiliar i kommunen.
- Dette tilbodet er retta mot familiar som ikkje har høve til å reisa på andre typar feriar. Interesserte kan ta kontakt med oss direkte, eller dei kan søkja via eit skjema på nettsidene til Vaksdal kommune, seier Thorkildsen.
Møte på tvers av alder
Sentralen arrangerer i desse dagar BUA-dagar for elevar i 8. klasse med lån av padlebrett og grillmat. Dei samarbeider i tillegg med korleiar Kristin Straume Normann om faste songstunder.
- Me har babysong kvar veke, og ein gong i månaden flyttar me samlinga inn på sjukeheimen på Jamnetunet. Då kallar me det generasjonssong, for målet er å skapa samhandling mellom dei yngste og dei eldre, seier Thorkildsen.