Herold

Fjernar enkeltståande lysstolpar: – Kan gje falsk tryggleik

Plus
Kilde: HF Author: Gro Heidi Åsen Published: 2026-05-26 10:30:05
Fjernar enkeltståande lysstolpar: – Kan gje falsk tryggleik

Vestland fylkeskommune vil fjerna enkeltståande lyktestolpar langs fylkesvegnettet for å auka trafikktryggleiken og redusera lysforureining. Arbeidet startar i juni, og kommunar som Ullensvang og Eidfjord er blant dei første som vert ramma av tiltaket.

Det opplyser Vestland fylkeskommune i ei pressemelding.

Dei grunngjev dette med at det vil gjera vegane tryggare og meir berekraftige, og at einslege lyspunkt langs vegen – motsett av kva ein kanskje skulle tru, kan skapa farlege situasjonar.

Desse isolerte lysstolpane skaper sterke kontrastar mellom lys og mørke, noko som kan blenda trafikantar og gjera det vanskeleg å sjå kva som skjer i dei mørke områda rundt. Dette kan gje ei falsk kjensle av tryggleik, heiter det i pressemeldinga.

Prosjektleiar for elektro i Vestland fylkeskommune, Adrian Kasin, understrekar alvoret i situasjonen:

– Målet vårt er tryggare vegar. Då må belysninga vera heilskapleg og føreseieleg. Enkeltståande lampepunkt kan gi ei misvisande kjensle av tryggleik, og samstundes gjera mjuke trafikantar mindre synlege i trafikken, seier Kasin i pressemeldinga.

Fylkeskommunen peikar vidare på at det viktigaste for å vera synleg i trafikken alltid er å bruka refleks. Erfaringar syner at ein mørkkledd person kan vera vanskelegare å oppdaga med eit enkelt veglys, og at ved jamt mørke kan langlys frå bil gjera personen meir synleg.

Dei meiner også tiltaket fører òg med seg viktige miljøgevinstar. Mindre bruk av kunstig lys bidreg til å redusera lysforureining, som kan påverka natur, dyr og insekt negativt. Samstundes vert nattehimmelen betre bevart.

Arbeidet med å fjerna enkeltståande lyspunkt byrjar i juni 2026 i fleire kommunar, inkludert Ullensvang, Eidfjord, Bjørnafjorden, Kvinnherad, Kvam og Sunnfjord. Dette vert gjort i samband med planlagd oppgradering av veglys i Hardanger, og andre område vert vurderte fortløpande, informerer Vestland fylkeskommune.

Alle veglys i fylket skal vera oppgraderte til LED i løpet av 2029.

Nytt håp for lysplaga nabo. No skal desse skiftast ut

🏷️ Extracted Entities (10)

Vestland (place) Adrian Kasin (person) Eidfjord (place) Ullensvang (entity) Bjørnafjorden (entity) Hardanger (entity) Kvam (entity) Kvinnherad (entity) LED (entity) Sunnfjord (place)