Millionar til å kurere tannlegeskrekk
Plus
Tannhelsetenesta i Vestland har fått tildelt 39,3 millionar kroner frå Helsedirektoratet til behandling av pasientar med alvorleg tannlegeskrekk.
– Midlane gjev oss større handlingsrom, som vil kome pasientane til gode, seier Marta Sørenensen, leiar for tannhelsetenestas kompetansesenter i TkVestland, i ei pressemelding.
Dette er rundt 5 millionar meir enn dei fekk i fjor.
Pengane skal gå direkte til pasientbehandling og til å styrke dei tverrfaglege behandlingsteama.
TkVestland har ansvar for TOO-teama, der TOO står for tortur, overgrep og odontofobi.
Tilbodet finst i Bergen, Stord og Florø, og rettar seg mot pasientar med sterk tannbehandlingsangst, ofte knytt til traume eller overgrep. Behandlinga skjer i tverrfaglege team, der tannhelsepersonell samarbeider tett med psykolog.
– Pasientane får kognitiv åtferdsterapi. Psykolog rettleiar tannbehandlarane i korleis dei best kan tilpasse behandlinga den enkelte. Målet er at pasienten etter kvart skal kunne ta imot vanleg tannbehandling, forklarer Sørensen.
Ved å styrke tilbodet, vil også fleire få hjelp fortare, legg ho til.
– Ventetida er no nesten borte på Stord og i Florø. I Bergen er ventetida på rundt seks månader, og målet vårt er å nærme oss null også der, seier Sørensen, som peikar på at ventetida i Bergen var på rundt eitt år i fjor.
Feilen vart aldri oppdaga. Det kosta Grethe dyrt
No lyser dei ut stillingar: – For mange slutta
Vestland manglar 6300 arbeidarar. Helse Førde merkar problema godt