Må kjøpe meir mark til kyrkjegarden
Plus
– Det er få ledige graver og nesten ikkje plass til nye graver på kyrkjegarden ved Frøya kyrkje, fortel kyrkjeverje Bjarki Hrafnasson.
Allereie i 2022 påpeika kyrkjeverje Bjarki Asgeir Hrafnasson på vegner av Bremanger kyrkjelege fellesråd, at det begynte å haste med å utvide kyrkjegarden på Frøyalandet. Det gjorde han i eit høyringsutspel i samband med handsaminga av kommunens nye arealplan.
Kjøp av grunn
Denne veka skal kommuneadministrasjonen informere formannskapet om kjøp av grunn til å utvide kyrkjegarden.
Hrafnasson understreka i 2022 at når det gjeld vanlege doble kistegraver har alle gravplassane i kommunen tilstrekkelig kapasitet, men at det er behov for fleire gravplassar særleg på Frøyalandet. Han er nøgd med at kommunen no tek tak i utfordringa.
– Vi har eit krav på oss til å ha ledige gravplassar tilsvarande tre prosent av befolkninga. Det vanlege er at gravene blir freda i 20 år, men i Bremanger er denne fristen sett til 30 år. På Frøyalandet er det mykje leirjord, som gjer at nedbrytinga går relativt sakte, forklarar kyrkjeverja.
Også på kyrkjegarden på Nygård/Grotle i Bremanger er det behov for meir areal til graver.
Minnelund
– Kva tenker de om trenden med at stadig fleire vel kremasjon?
– Det er eit teikn i tida og det å etablere urnelundar reduserer arealbehovet til gravplassane. Dette er noko vi vurderer og ser på. Dette arbeidet kjem vi til å informere om i nær framtid, seier han.
– Korleis går det med vedlikehaldsarbeidet på dei åtte kyrkjebygga i kommunen?
–Vi er snart klar med forundersøkingar for renovering og vedlikehald av kyrkjene i Rugsund, Davik og Ålfoten. Når dei er klar, kan vi etter kvart søkje midlar frå kyrkjebevaringsfondet for å lage eit spleiselag med kommunen på desse arbeida.
Meiner det er akutt behov for utviding av gravplass
Blir utfordra på kva kyrkjemillionane er brukt til