Herold

– Ikkje utbygde vassdrag må få varig vern!

Plus
Kilde: Aura Avis Author: Naturvernforbundet i Møre og Romsdal Published: 2026-05-26 12:41:40
– Ikkje utbygde vassdrag må få varig vern!

Resolusjon til Statsforvaltaren i Møre og Romsdal.

Svært mange elvar og vatn i Møre og Romsdal har fått inngrep i form av store og små kraftverk. Det som er igjen av elvenatur må no få varig vern.

Vassdraga som er igjen krev store inngrep og investeringar i forhold til utbytte av kraft. Elvane er livsnervar og det biologiske mangfaldet er avhengig av naturleg varierande vassføring.

Naturvernforbundet i Møre og Romsdal vil oppmode Statsforvaltaren om å ta opp att arbeidet med å sikre varig vern av dei delane av vassdraga som no er att. Dei ikkje utbygde elvane må få renne fritt i all framtid!

Gjennom internasjonale avtalar forpliktar Noreg seg til å verne 30 prosent av landarealet innan 2030 og restaurere 30 prosent av øydelagt natur.

Vassdragsnaturen har lidd mykje; Det er berre 30 prosent igjen som ikkje er påverka av kraftutbygging! Noreg har difor eigentleg alt forplikta seg til å gi dei attverande, verdifulle elvane varig vern.

Vedteke i årsmøtet 21/3 - 2026

Naturvernforbundet i Møre og Romsdal

🏷️ Extracted Entities (4)

Naturvernforbundet i Møre (organization) Romsdal (place) Statsforvaltaren (entity) Noreg (entity)