Næringsministeren på lynvisitt: – Mongstad viktigare enn nokon gong
Plus
– Mongstad, med raffineri og oljeterminal, er viktigare for Noreg enn nokon gong. Det sa næringsminister Cecilie Myrseth då ho besøkte Mongstad-raffineriet i morgontimane tysdag.
Ministeren peika særleg på den situasjonen som har oppstått i Europa i kjølvatnet av krigen i Iran og stenginga av Hormuzsundet.
– Me har nå starta arbeidet med å utgreia korleis me skal auka lagringskapasiteten for særleg diesel og flydrivstoff. Målet her er kunna byggja opp lager som er betydeleg større enn dei me har hatt til no, sa Myrseth til Avisa Nordhordland under besøket på Mongstad.
Meir på lager
I dag har Noreg på lager diesel og flydrivstoff nok til tre vekers forbruk. Målet er å kunna auka dette betydeleg. Eit av alternativa som skal utgreiast er lagerkapasitet til 61 dagar for diesel og 90 dagar for flydrivstoff.
– Me har sett oss målet om auka lagerkapasitet ut frå den situasjonen verda står i. Det er viktig for Noreg å ha tilstrekkelege lager av drivstoff med tanke på beredskap og tryggleik.
Under besøket fekk næringsminister Myrseth ei rask omvising på anlegget der ho både var innom kaiområdet og sjølve raffineringsområdet, og dei store kontrollromma der aktiviteten på raffineri og terminal vert styrt.
Eig Equinor
Staten, ved Næringsdepartementet der Myrseth er sjef, eig 67 prosent av aksjane i Equinor, og dermed like mykje også i Mongstad-anlegget. Så det var ikkje utan grunn næringsministeren avla raffineriet eit besøk.
Undervegs fekk Cecilie Myrseth oppdatert informasjon frå mellom andre direktør Bernt Tysseland og Sissel Nepstad som er sjef for forretningsutvikling i Equinor Mongstad.
I tillegg til informasjon om drifta på anlegget og dei tiltak som blir gjort for å tilpassa produksjonen, fekk næringsministeren også ei kort orientering om det arbeidet som no er i gang for å rensa industrivatn både frå sjølve Mongstad-anlegget og frå Johan Sverdrup-feltet i Nordsjøen.
Reduserer utslepp
– Det er sjølvsagt viktig for eit stort industrianlegg som dette på Mongstad å arbeida kontinuerleg med å redusera utslepp til luft og vatn. Det er eit heilt opplagt mål å få ned utsleppa. Det vert investert betydelege summar i desse dagar, og eg har stor tru på leiinga her vil nå dei måla dei har sett seg også på dette området, sa næringsministeren til NH under besøket.
Fungerande ordførar i Alver, Nina Bognøy, og Austrheim-ordførar Morten Sognnes følgde også ministeren rundt på anlegget.
– Det var veldig fint å få slått av ein prat med næringsministeren, sier Sognnes.
– Både om raffineriet og den andre aktiviteten her, og om andre ting som er viktige for utviklinga av regionen.
Industri og infrastruktur
Under ein rask spasertur tilbake mot administrasjonsbygget på Mongstad rakk han ein prat med statsråden om mellom anna utbygging og sikring av vegar og kaiar i regionen.
– Dette er i høgste grad også noko som har med beredskap og forsyningssikkerheit å gjera. Det fekk eg snakka med henne om, og det er eg sikker på at ho - med sin bakgrunn frå Nord-Noreg - neppe er usamd i, seier Sognnes.
– Industri og infrastruktur som vegar og kaiar. Det heng nøye saman og må utviklast saman.
- Sjå og forstå
Næringsministeren hadde eigentleg fullt dagsprogram med fleire møte og bedriftsbesøk i Bergen. Men rakk etter eige ønskje å pressa inn synfaringa og møtet med Mongstad-leiinga i morgontimane.
– Eg trur dette var veldig viktig, seier fungerande Alver-ordførar Nina Bognøy.
– Ein ting er å få lagt fram dokument og rapportar om raffineri og beredskap og forsyningssituasjon. Noko anna er det, også for ein statsråd, å få sett ting på nært hald. Og å få snakka direkte med leiinga i selskapet.
– Ikkje minst med tanke på situasjonen i Europa og verda i dag, vil eg seia at dette var viktig. Viktig nasjonalt og viktig for regionen Nordhordland, seier Bognøy.