Julebrev om «løesaka»
Plus
Avslutning
Les kommunedirektøren sitt svar til dette lesarinnlegget her.
Eg har dei siste åra hatt som tradisjon å sende eit førjuls-lesarbrev om Løesaka til lokalavisene. Her kjem årets versjon.
*Litt historikk *
Fyrste gong eg skreiv hadde vi fått ein stor, tilnærma ny driftsbygning, tett på bustadhuset vårt, utan at bygget verken var omsøkt eller nabovarsla. Vi hadde sendt kommunen eit detaljert varsel om dette tilhøvet, og kommunen hadde deretter, frå kontorpulten, lagt saka bort med grunngjeving at det berre var utført enkelt vedlikehald på bygget.
Sist skreiv eg at kommunedirektøren var komen i tillitskrise på grunn av kommunen si handtering av saka, og til dei grader hadde mislukkast i å kjøpa seg ny tillit. Sweco sine konsulentar hadde, i fersk rapport, stadfesta at dette tiltaket, som kommunen overfor politikarar, rettsvesen og Statsforvaltaren hadde hevda var enkelt vedlikehald, i realiteten var eit tilnærma nytt bygg, og dermed søknadspliktig frå kjellargolv til yttertak. Tilsynsrapport frå Sweco den 20.03.2025 viste byggtekniske fakta og vurderingar som var identiske med vårt varsel av 29.03.2021.
Politisk handsaming av byggteknisk rapport frå Sweco
Kommunedirektøren sat ikkje lenge i skammekroken, før han var tilbake med forvaltningsakrobatikk av ypparste klasse då dei skulle handsama rapporten frå Sweco, og gjera vedtak ut frå den:
Kommunestyremøtet den 10.04.2025: Kommunedirektøren trekte saka kvelden før møtet, etter å ha motteke brev frå vår advokat om lovbrot.
Kommunestyremøtet den 22.05.2025: Kommunedirektøren sitt lovstridige saksframlegg vart underkjent, og nytt lovheimla saksframlegg, med krav om nabovarsling, vart vedteke av kommunestyret. Nytt brev frå vår advokat måtte til for å visa politikarane kva lovbrot kommunen hadde lagt opp til.
Kommunen mislukkast i sin lovstridige kamp for å hindra at vi skulle få nabovarsel i samband med byggesøknad, og eit vedtak som ville vera til minst mogeleg gunst for oss. Om kommunen hadde lukkast med dei lovstridige forsøka sine, ville det redusert grunnlaget vårt for å krevja erstatning. Vi snakkar i denne samanhengen om lovbrot i høve Plan- og bygningslova.
Byggesøknad
No folkens!
Vi har nyleg mottatt nabovarsel og byggesøknad for fasadeendring for den tilnærma nye og ulovlege driftsbygningen som ligg tett på bustadhuset vårt. Enkle teikningar med eit nytt vindauge på eine veggen. Endeleg!
På postlista til kommunen ligg det byggesøknad for resten av bygget, og den store ombygginga, her med avkryssing for at nabovarsel ikkje er relevant. Men eit ulovleg tiltak skal etter Plan- og bygningslova omsøkjast som om tiltaket ikkje er utført, og i form av ein samla søknad.
Kvinnherad kommune kan ikkje utøva sin eigen praksis med å dela opp søknad slik det passar dei, og samstundes ta frå ein sterkt berørt nabo, som er part i saka, sitt lovheimla rettsvern.
Vi er altså vitne til eit nytt merkeleg grep, der det vert lagt til rette for at dei same folka som, gjennom meir enn merkeleg handling i fem år, har ført kommunen inn i ei alvorleg tillitskrise, skal gi løyve med eit pennestrøk.
Med støtte i Plan- og bygningslova er vårt forslag: Tiltaket skal omsøkjast samla, og med nabovarsling. Saka skal handsamast politisk gjennom Forvaltningsutvalet, som etter synfaring med tanke på avbøtande tiltak, gjer vedtak i saka.
Atter ein gong er kommunen på banen med eit lovstridig opplegg!
Erstatningssak
Då kommunestyrevedtaket etter Sweco sin rapport var klart, sende advokatfirmaet vårt eit krav, pålydande kr. 1.147.226.-, til Kvinnherad kommune om å få dekka våre sakskostnadar til advokat. Kravet var forankra i Forvaltningslova § 36, og Skadeerstatningsloven § 2-1.
Det var no dokumentert at kommunen hadde handla feil, *og dekka over ei større ulovlegheit heile vegen. *Følgeleg var dette kostnader som vi aldri burde hatt, men som vi hadde pådratt oss for å vinna fram med retten til å ivareta eigedommen vår.
Så no skulle ein tru at kommunen ville vera audmjuk, men det avgrensa seg likevel til at advokaten deira i form av eit diktat tilbaud oss usle kr. 350. 000 i erstatning. Advokaten var tydeleg på: Ingen rett til å klaga, inga opning for dialog, ufråvikeleg frist for å akseptera tilbodet. Advokaten skriv vidare: «Uansett forutsetter kommunen at ved tilståelse av erstatning som beskrevet og begrunnet over, avsluttes hele denne saken og sakskomplekset i alle samenhenger».
Resten av utgiftene, kr. 797.226.-, meinte han vi burde dekka sjølve, for etter hans og kommunen sitt syn, hadde vi ikkje trunge bruka så mange advokattimar som vi gjorde! Og vi kunne brukt billigare advokatar!
Altså, den instansen som har drive og hersa med oss i fem år, og som faktisk gjorde at vi måtte bruka desse advokatane, men som til slutt måtte gjera knefall, instruerer oss om at vi burde spart på pengane! Mens han og kommunen kunne ausa ut av skattebetalarane sine pengar, i forsøk på nå knekka oss!
Dette er forkasteleg og umoralsk. Politikarane bør ta problemstillinga opp på breitt generelt grunnlag.
Advokat Hegdahl, som har vore kommunen sin rådgivar heilt sidan saka starta, var tydeleg på at arbeidet med hans eigne og tiltakshavar sine prosesskriv til rettsvesenet skulle betalast av oss.
Eit arbeid som hadde til føremål å få saka avvist, slik at fakta ikkje skulle bli avdekka og vurdert. Rettsvesenet vart, gjennom prosesskriva, fôra med opplysningar om at det berre var utført enkelt vedlikehald på bygget, og at vi følgeleg ikkje hadde søksmålsinteresse.
Er det rimeleg at vi skal betala kr. 288.948,- for motparten si urette vitneforklaring?
Ifølgje Hegdahl/kommunen har vi mottatt eit svært generøst tilbod. Utruleg, men sant! Og alt dette er grundig dokumentert. Bukken med havresekken vil aldri sleppa tak i denne saka.
På kommune-TV den 18.09.2025 fortel kommunedirektøren kommunestyret at kommunen ynskjer ei ryddig avslutning av saka.
Kommunedirektøren, som kommunen sin øvste administrative leiar, bør av denne grunnen umiddelbart ta tak i kaoset som er under oppsegling, både når det gjeld byggesak og erstatningssak, elles kan det snart bli ein ny og endå lengre tur i skammekroken!
God jul dette året òg!