Herold

Trio sikra seg andreplass før jul

Plus
Kilde: Kvinnheringen Author: Mona Grønningen Published: 2025-12-08 20:00:00
Trio sikra seg andreplass før jul

Etter ein svært dramatisk og spennande kamp mot Rossvoll søndag kunne Trio sine volleyballdamer ta juleferie med andreplass på tabellen, berre eitt poeng bak BSI.

Søndag reiste Trio sitt damelag i 2. divisjon til Øystese for å spela siste kamp for haustsesongen. Med 3-0 siger til Trio i denne kampen mot Rossvoll ville kvinnheringane toppa tabellen, men det ville seg ikkje slik, melder Øystein Lie Sundal i volleyballgruppa til Trio:

«Rossvoll starta kampen sterkt og Trio sleit med ein god del personlege feil og god blokkering frå Rossvoll. Trio tapte dei to første setta 25-16 og 25-22. I tredje sett var det mykje jamnare spel, men på stillinga 19-19 rykka Rossvoll i frå og gjekk opp til 24-19 og matchball. Men Trio var ikkje ferdig: Vi vann ballvekslinga og det vart 24-20, kvinnheringane beit seg fast og hadde gode servar til 24-24. Rossvoll vann ballvekslinga og fekk på ny matchball på 25-24. Men vi gav oss ikkje og vann settet 25-27. I fjerde settet såg Trio seg aldri tilbake og knuste Rossvoll 5-25! Rossvoll forstod ikkje kva som trefte dei. Det blei eit femte og avgjerande sett, og her fortsette Trio i nesten same stil og vann settet 8-15», skriv Sundal i ein e-post til Kvinnheringen.

Det blei dermed bortesiger med 2-3 til Trio, og no ligg kvinnheringane på andreplass på tabellen. Trenarane er godt fornøgde med innsatsen og ser fram til å byggja vidare på framgangen.

Neste kamp blir 4. januar, når Rossvoll kjem til Kvinnherad Arena.

Fakta:

Rossvoll-Trio 2-3 (25-16, 25-22, 25-27, 5-25, 8-15)

Trio: Malin Haavik Tungesvik, Thea Elise Eliassen, Natalia Kamila Molenda, Sarah Baroud, Renate Engelsen Hortman, Hanna Koks, Kaia Seim Stusvik, Veslemøy Seim Stusvik, Kristina Heimvik.