Dyr sommar i vente: Ekspertane ventar høge straumprisar
Vassmagasina nærmar seg historisk låge nivå og spenninga i Midtausten pressar energimarknaden. Ekspertane ber folk førebu seg på høge straumprisar i sommar.
I Stårheimselva i Nordfjord er det lite som minner om ein buldrande vårflaum når NRK er på besøk.
Men for dei 29 grunneigarane som akkurat har opna sitt eige småkraftverk, er vassmengda gode nyheiter.
– Akkurat no er det gode prisar. Då ser det lyst ut for at dette skal vere eit leveleg prosjekt, seier Ole Martin Rafshol, som er leiar i det lokale elveeigarlaget.
Lite vatn betyr nemleg høge prisar.
Og akkurat no er det uvanleg tomt i fjellmagasina som forsyner Noreg med straum.
– Vi tener pengar med ein gong, seier Ole Martin Rafshol.
40 prosent under normalen
– Den samla magasinfyllinga er 40 prosent under normalen. Det er unormalt, seier Eivind Samseth i Volt Power Analytics.
Berre to gongar dei siste 30 åra har den hydrologiske balansen vore så låg, viser tal frå Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE).
Konsekvensen kan vere at folk i Sør- og Midt-Noreg må førebu seg på ein dyr straumsommar.
Samseth anslår at prisane vil halde seg stabilt høge, og berre falle marginalt i sommarmånadene.
– Kanskje berre 20 øre under det nivået vi har sett no i mai, seier kraftanalytikaren.
Statkraft og Eviny: – Ikkje kritisk enno
Hos dei store kraftgigantane er tonen meir avdempa. Dei minner om at halvtomme magasin er ein naturleg del av årssyklusen før snøen i fjellet smelter.
– Det er lågare enn det var i 2025, men at vassmagasina er låge på denne årstida er heilt normalt. Årsaka er ein kombinasjon av ein kald vinter og at snøsmeltinga kjem noko seinare i gang enn ho pleier, seier seniorrådgivar Thomas Kallevik i Statkraft.
Han slår fast at det er lite snø i fjellet i heile Sør-Noreg, men vil ikkje forskottere sommarprisane:
– Det er ikkje vår rolle å meine noko om.
– Med lite snø i fjellet må vi vere forberedt på at prisane kan bli høgare til sommaren, sa direktør Kjetil Lund i Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) tidlegare i vår.
Kristina Lysen i Eviny seier at Vestlandet trass alt er velsigna med mykje regn:
– På denne tida skal det vere lågt, for då skal ein ha plass til å ta imot snøsmeltinga.
– Får vi nedbør, kan dette snu.
Dette er drivarane bak straumprisen. Sjå under.
Kraftig vekst for norgespris
Om regnet blir borte, vil «norgespris»-avtalen skjerme mange norske hushald.
Ordninga garanterer ein makspris på 50 øre per kilowattime, men er ikkje tilgjengeleg for bedrifter og næringsliv.
– Indirekte påverkar dyr straum oss alle. Næringslivet må betale det straumen faktisk kostar, og dei rekningane vil merkast, påpeikar Lysen.
Sidan Europa produserer enormt med solkraft på solfylte dagar, vil kundar i Sør-, Øst- og Vest-Noreg (prisområda NO1, NO2 og NO5) også oppleve dagar og timar der spotprisen går mot null (og under).
Fleire norske straumselskap har likevel oppfordra kundane til å vurdere å teikne kontrakt på «norgespris».
Grafane viser straumprisprognosane til straumselskapet Fortum ved inngangen av mai 2026 og ut året i alle prisområda i Noreg. Prisane i grafen er oppgitt utan moms.
Bakgrunnen er prognosar som viser at prisane vaker mellom 100 og 130 øre/kWh på forsommaren – avhengig av kor langvarig konflikten rundt Hormuzsundet blir.
Kraftig vekst for Norgespris: Over 47.000 nye kundar i april
Stadig fleire norske straumkundar vel å binde seg til «Norgespris». Ferske tal frå Elhub viser at rundt 47.400 kundar bestilte ordninga i april, ein markant auke frå 31.600 i mars. Veksten har vore aller størst i Midt-Norge.
Sidan ordninga blei lansert 1. oktober 2025 som eit alternativ til den ordinære straumstøtta, har ho vore ein økonomisk fordel for straumkundar over heile landet – med unntak av i Nord-Norge (prisområde NO4). Per 9. mai 2026 er 53,1 prosent av alle kvalifiserte strømmålarar i Noreg knytt til Norgespris.
Dette er Norgespris:
Fastpris ut 2026: Kundar bind seg til ein fast straumpris på 50 øre/kWh inkl. mva. (40 øre/kWh i Nord-Norge/NO4), uavhengig av korleis spotprisen svingar.
Gjeld òg hytter: Ordninga er tilgjengeleg for både privathushaldningar og fritidsbustader.
Krev aktivt val: For å få Norgespris må ein bestille dette aktivt via elhub.no.
Dei som ikkje gjer eit aktivt val, behald den ordinære straumstøtta. Frå 1. januar 2026 har denne eit terskelbeløp på 96,25 øre/kWh inkl. mva. (77 øre/kWh ekskl. mva.), der staten dekkjer 90 prosent av prisen over dette nivået.
Tilbake i Stårheim vart timinga på det nye småkraftverket perfekt.
– Det går fint, smiler elveeigarleiar Ole Martin Rafshol.
– Vi tener pengar med ein gong.