Herold

Er ikkje med til Austerrike – har reist heim for å trena 

Plus
Kilde: Kvinnheringen Author: Marius Tveit Nissestad Published: 2025-12-09 08:04:01
Er ikkje med til Austerrike – har reist heim for å trena 

Ragnhild Femsteinevik stiller ikkje til start når andre runde av verdscupen går av stabelen i Hochfilzen 12. desember.

Det kjem fram i ei pressemelding frå Norges skiskyttarforbund måndag.

«Ragnhild Femsteinevik har ikkje opplevd at ting har fungert optimalt etter sesongens første konkurransar i verdscupen, og vel difor, i samråd med sportsleg leiing og helseteam, å reisa heim for å trena», skriv skiskyttarforbundet.

Ragnhild vart som kjend tatt ut til sesongstarten i verdscupen, men skiskyttaren frå Hatlestrand fekk det tøft i svenske Östersund. Det blei ein 66. plass på 15 kilometeren, 45. plass på sprinten og 58. plass på jaktstarten.

No ventar det trening heime for Femsteinevik, som skal prøva å finna formen til dei mange konkurransane som ventar.

Simen (27) var med å setta nok ein verdsrekord: – Veldig stort