Næringspolitikk i Vaksdal og verda forøvrig
Plus
Svar til Vaksdal Høgre sitt innlegg i VP om næringsstøtte til Fine Linjer.
Ein av dei mest kjende valkampanjane til SV på 1970-talet hadde overskrifta «Nå er det vår tur – Stem for Kvinnefrigjøring og Sosialisme». Heilt sidan oppstarten av SF og seinare SV i 1975 har kvinnekamp, likestilling og feminisme vore del av dna-et til partiet. Frå kamp for 6 timars normalarbeidsdag, kamp mot pornokultur, rettar for skeive til kamp mot skjønnhetstyrraniet og for kvinnehelse. Sjølv om partiet Høgre ikkje skjønar dette – betyr ikkje det at det ikkje er rett, eller ikkje finst.
Kven skal få satse i Vaksdal?\|
Høgre brukar orda «ideologisk sortering», dette høyrest skumlare ut enn politikk. Når Høgre i Bergen vedtek øltelt og storskjerm for fotball i heile sommar i staden for gratis sommaraktivitet for born, er det ideologisk sortering. Eller når Høgre igjen gjev skjenkebevilling til strippeklubbar, så er det òg ideologisk sortering.
Dei fleste partia har prinsipp og ei tilnærming til næringspolitikk. KrF har gjerne vore restriktive i høve alkohol, partia på venstresida i høve arbeidstakars rettar, eller miljø og naturomsyn. For Høgre vert det først «uforståeleg» når det kjem til feministiske prinsipp. Dette er så uforståeleg at det må vere ei eller anna sær personleg trusretning hjå SV-representanten. Kvinnerørsla har i heile sin eksistens kjempa i dette narrativet – «Når det personlege vert politikk», så særleg originalt er det ikkje.
SV har i utgangspunktet tre enkle prinsipp for næringspolitikk i Vaksdal. Vi kjem ikkje til å støtte tiltak som bryt med feminisme, menneskerettar eller natur og miljø. Det skulle vore interessant om Høgre har nokon andre prinsipp enn arbeidsplassar i si ideologiske verktykasse?
Er Høgre for eller mot Dale III?
Er Høgre for eller mot Statnett si nye 420 KV line gjennom Vaksdal?
Når det kjem til næringsutvikling og arbeidsplassar er det jo ikkje tvil om at desse to tiltaka svarar godt ut til korleis Høgre elles ser på næringspolitikk?
Til slutt: Næringsfondet i Vaksdal er ein kjempesuksess, og SV er enormt stolt av at vi saman med Senterpartiet og Høgre fekk dette på plass i førre valperiode. Eg trur det har betydd mykje for mange. Næringsfondet har ikkje minst betydd mykje for primærnæringa vår. Men det har aldri vore ein «rett» å få støtte frå næringsfondet. Administrasjonen si oppgåve er å sjå til at søknader er innanfor dei «prinsipp» som ligg i vedtektene. Så er det opp til politikarane i fondsstyret å gjere vedtak om bruk av dei kommunale midlane. Dette er enkeltvedtak med klagerett – for å sikre lik handsaming i tilnærma like saker.
I saka om Fine linjer som SV stemte mot, vart det 6 mot 1 stemme gjeve støtte. Økonomisk belastar støtta i liten grad næringsfondet og kritikken mot SV handlar då mest om at vi ikkje reiste oss og applauderte saman med dei andre. Slik sett vert politikken fattigare – om ein ikkje aksepterer ulike politiske standpunkt framstår Vaksdal Høgre berre som totalitære.
Av dei millionane vi har delt ut i næringsfondet har vi vore ueinige om 15 000 kroner. Om det er ei djup kløft mellom dei som vil næringslivet vel og dei som ikkje vil, verkar noko påtatt. Men kanskje Vaksdal Høgre, når dei får tenkt seg om, finn ut at dei òg hadde nokre prinsipp, elles gjer det jo ingen meining at òg Høgre stemte mot Vindpark i Vaksdalsfjella eller mot fiskeoppdrett i fjorden vår.
Kjartan Haugsnes, leiar i Vaksdal SV og medlem av fondsstyret.
- Synd at gamle fordommar ser ut til å leva
Nina opnar klinikk på Stanghelle. Tilbyr alt frå Botox til migrenebehandling