Herold

Lite snø gjer breane farlegare

Plus
Kilde: Sogn Avis Author: Keth Øren Published: 2026-05-26 10:43:48
Lite snø gjer breane farlegare

Ein vinter med lite snø i Sør-Noreg, kombinert med varmt vêr framover, svekkjer snøbruene.

– Ein må alltid visa varsemd på bre og bør ha naudsynt kunnskap til å gjera gode vurderingar. I år er det lite snø på breane i Sør-Norge og det gjer at bresprekkene er mindre dekt av snø enn dei pleier. I tillegg er det meldt varmt vêr framover som gjer at faren for gjennomslag og fall i sprekker aukar.

Det seier Liss Marie Andreassen, breforskar i NVE, i ei pressemelding.

85 prosent av normalen på Nigardsbreen

NVE gjer årlege målingar på fleire brear i Sør-Norge, og i år har alle dei målte breane mindre snø enn normalt. Fleire brear har berre litt over halvparten av normale snømengder.

På Hardangerjøkulen er det jamt over ca. 3 meter snø, og Gråsubreen i Jotunheimen har fleire heilt berre område utan snø. På Ålfotbreen er det målt 4–7 meter snø. Det er omtrent tre fjerdedelar av normale snømengder på denne breen.

Nigardsbreen har 4–6 meter snø i år og 85 prosent av normale snømengder. På Austdalsbreen, ein nordleg utløpar av Jostedalsbreen, er det 3–4 meter snø som er to tredjedelar av normale snømengder.

I Jotunheimen er det også mindre snø enn normalt på Storbreen og Hellstugubreen, jamt over cirka 2–3 meter.

Dette meiner NVE du bør vita om ferdsel på bre no:

🏷️ Extracted Entities (13)

Jotunheimen (entity) NVE (entity) Sør-Norge (entity) Austdalsbreen (entity) Gråsubreen (entity) Hardangerjøkulen (entity) Hellstugubreen (entity) Jostedalsbreen (entity) Liss Marie Andreassen (person) Nigardsbreen (entity) Storbreen (entity) Sør-Noreg (entity) Ålfotbreen (entity)