Husbrann i Stavanger
Plus
Det skal ha oppstått ein brann i eit bustadområde på Stokka. Brannvesenet fekk raskt kontroll.
Naudetatane er tysdag morgon på Stokka.
Det er synleg røykutvikling frå eit hus i området, og brannvesenet er i gang med å sløkke.
Operasjonsleiar Arnt Henning Larsen i Sør-Vest politidistrikt opplyser at bebuarane har evakuert seg sjølv.
Det er ikkje meldt om personskade.
Klokka 06.31 driv brannvesenet med utlufting, og dei prøver å finne årsaka til røykutviklinga. Dei har no kontroll.
Det var ein røykvarslar som vekka dei som budde i huset.
Saka blir oppdatert.
🏷️ Extracted Entities (4)
Stavanger
(entity)
Stokka
(entity)
Arnt Henning Larsen
(person)
Sør-Vest
(entity)