Herold

Kvar blir det av langtidssjukeheimsplassar på Husnes?

Plus
Kilde: Kvinnheringen Author: Silje Hjelmeland, Birte Hjelmeland Bruvik og Nils Arne Hjelmeland med familiar. Published: 2026-05-26 06:00:00
Kvar blir det av langtidssjukeheimsplassar på Husnes?

For nokre år sidan vart vi avhengige av sjukeheimsplass for foreldra våre. Vi har blitt kjende med sjukeheimane både på Halsnøy, Husnes og i Rosendal. I løpet av desse åra har vi møtt mange dyktige og hyggelege tilsette ved sjukeheimane.

Eit spørsmål vi undrar oss over, er kvifor det ikkje er langtidssjukeheimsplassar på Husnes, Kvinnherad si mest folkerike bygd? Dette er heilt uforståeleg for oss. Og veit eigentleg innbyggjarane på Husnes og i bygdene rundt at den dagen deira næraste treng ein langtidssjukeheimsplass, så er det faktisk ikkje plass på Husnes? Riktignok har dei langtidsavdeling for pasientar med demens og eit bufellesskap. Men i bufellesskapet får ein ikkje plass viss hjelpebehovet er for stort. Halsnøy har nokre få langtidsplassar som på ingen måte dekkjer behovet i ytre del av Kvinnherad. Viss ein ikkje har demens og har eit stort hjelpebehov med behov for langtidsplass, så må dei aller fleste bu i Rosendal siste del av livet sitt. Rosendal er ei flott bygd som vi er veldig glad i, og besøker ofte. Men den dagen ein blir bunden til ein sjukeheim så spelar det faktisk ei større rolle å vera nær sine pårørande.

Kvinnherad kommune har eit svært avgrensa kollektivtilbod, og då blir det ekstra vanskeleg for dei som blir plasserte på sjukeheim langt frå heimstaden sin. Familie og vener er då avhengige av førarkort og bil for å kunna besøka sine nære. Ektefelle, søsken og vener til dei som har behov for sjukeheimsplass, er ofte eldre sjølve, med eigne helseutfordringar. Viss ein då ikkje kan køyra bil, blir ein fråteken moglegheita til å besøka sine næraste på grunn av lange avstandar og dårleg kollektivtilbod. Vi tenkjer ofte på den pårørande som ikkje har førarkort, og som ikkje kan besøka sin næraste slik som dei ynskjer.

Sosiale relasjonar blir rekna som ein av dei viktigaste faktorane for god livskvalitet. Det er derfor svært frustrerande som pårørande at vår næraste ikkje har moglegheit til å få sjukeheimsplass på Husnes. Når ein er i ein livssituasjon der ein er avhengig av sjukeheimsplass, er det gjerne korte, men verdifulle besøk ein treng. Då er det viktig for dei eldre å få sjukeheimsplass der moglegheita for korte, spontane besøk av familie, vener og kjende er til stades.

Det er mange dyktige og kjekke ansatte på Rosendalstunet, og det er eit flott bygg. Det er viktig for oss å sei at dette er på ingen måte meint som kritikk av sjukeheimen.

Det er jo slik at ein stor del av befolkninga i Kvinnherad bur på Husnes og i bygdene rundt. Vi kan derfor ikkje forstå at det ikkje blir prioritert å få langtidssjukeheimsplassar på Husnes. Behovet blir ikkje mindre — vi veit jo alle at det berre vil auka!

🏷️ Extracted Entities (5)

Husnes (place) Kvinnherad (entity) Rosendal (place) Halsnøy (place) Rosendalstunet (entity)