Slik gjekk fotballrunden
Plus
Det var berre Rosendal-herrane som fekk noko å jubla for.
Trio har fått ein tøff start på sesongen i 5. divisjon. Sjølv om dei endå ikkje har tapt ein kamp heime på Husnes, har det verkeleg gått trått på bortebane.
Laurdagens kamp mot Mann var ikkje eit unnatak.
Raudtrøyene tapte heile 6–0 mot laget frå Møhlenpris i Bergen, og står med det framleis utan poeng på bortebane på fire forsøk.
Etter dei sju første kampane denne sesongen står Trio med sju poeng, og ligg på ein 9. plass i 5. divisjon. Luka ned til nedrykksplass er berre tre poeng.
Mann 6–0 Trio (4–0): Martin F. Smith, Eirik S. Ersland, Eivind T. Saghaug, Olav Bernhard V. Heggøy, Tristan T. Thorsen, Nils Olav Smestad, Troy E. Voster, Trym Kvandal, Emil V. Haugland, Sander Aasen-Pedersen og Allkan Abdulla.
Innbytarar: Tobias Sætre-Bjelland og Brage Kvandal.
Motstandaren møtte ikkje
Trio sitt damelag skulle eigentleg ha møtt Kopervik/Vea/Åkra heime på Husnes 19. mai. Men gjestane frå Haugalandet klarte ikkje å stilla lag. Fotball.no har med det registrert ein 3–0-siger til Trio.
Sander-trippel til ingen nytte
Det vart ein skikkeleg målfest av ein kamp då Trio sitt andrelag møtte Vard Haugesund 3 på Kvednabekkjen måndag 18. mai. Trio scora fire mål, der Sander Aasen-Pedersen scora tre av dei, men gjestene frå Haugesund scora fem. Og tok med det med seg alle poenga heim til Haugesund.
Tobias Sætre-Bjelland scora også for Trio, som gjekk på sesongens første tap denne måndagen.
Trio 2 4–5 Vard Haugesund 3 (1–1):Aragon T. Thorsen, Brynjar S. Olderkjær, Sander S. Jensen (raudt kort), Fredrik R. Eide, Jakob Gjerde, Ola H. Solheim, Elias P. Aarro, Sander Aasen-Pedersen, Tobias Sætre-Bjelland og Dennis S. Markhus.
Innbytarar: Jihad Salman Al-Khalaf, Nicklas Seeberg Gangaas.
Knuste Bønes
Rosendal-herrane møtte Bønes 2 då dei skulle i aksjon for fjerde gong denne sesongen. Gustav J. Haugse, Anders Næs, Marius S. Myklebust og Gaute L. Tungesvik scora måla for kvittrøyene, som vann 5–2 mot Bønes. Med det tok dei sesongens andre siger, og ligg no på ein 7. plass i 6. divisjon.
Rosendal 5–2 Bønes 2 (3–1); Kristoffer Enes, Sander S. Haraldseid, Gustav J. Haugse, Ian N. Bjørke, Torbjørn H. Næs, Ruben Saug, Anders Næs, Martin H. Arnesen, Marius S. Myklebust og Elias E. Myklebust.
Innbytarar: Halvor B. Hass, Magnus H. Kvernmo, Kaleb Nshimiye og Magnus O. Hass.
Rauk heime mot Haugar
Halsnøy leia 2–1 til pause då dei møtte Haugar 2 heime tysdag 19. mai. Men etter sidebyte var det gjestene frå Haugalandet som fekk mest å jubla for. Til slutt tapte Halsnøy 2–4 heime mot Haugar. Bjørn Einar I. Hvidevoll og Elias J. Urdshals scora måla for Halsnøy.
Med det står blå- og gultrøyene med seks poeng etter fire kampar denne sesongen. Det er nok til ein 6. plass i 6. divisjon.
Halsnøy 2–4 Haugar (2–1):Vegard Haga, Lucas H. Fjelland, Erik B. Nesbø, Trym S. Fjelland, Ruben F. Særsten, Jacob D. Cunningham, Hugne E. Sjo, Anders E. Bjørnebøle, Simen Mehammer, Maikren Juss, Bjørn Einar I. Hvidevoll.
Innbytarar: David Nordbø, Noah R. Høiland, Elias J. Urdshals, Mathias H. Eide, Kevin H. Kvernenes, Abdul Abdiazizi og Thomas V. Eide.
Nedrykksplass
Roger B. Ekeland gjekk mållaus av banen då Stord tapte 4–1 borte mot Vard Haugesund fredag. Med det ligg kvittrøyene no på direkte nedrykksplass i Norsk Tipping-ligaen. Sondre S. Ersland spelte siste halvtimen i kampen.
Damelaget til Stord gjekk også på ein smell i pinsen. Dei tapte 6–2 borte mot Voss måndag 25. mai. Kvinnheringane Frida S. Fjelland, Marthe A. Kristensen, Emilie S. Aaseth og Emma V. Matre spelte kampen for Stord. Emilie Aaseth scora eit av Stord sine mål, medan Emma Matre vart utvist.