Alt heng saman med alt, Kåre Grønsnes
Plus
Det er nettopp derfor forvalting ikkje kan handle om éin sektor om gongen.
Det er ikkje heilt enkelt å forstå kva Kåre Grønsnes eigentleg argumenterer for i innlegget sitt i Hardanger Folkeblad 24. mai 2026. Men dersom hovudpoenget hans er at eit historisk rikt brislingfiske i seg sjølv skal legitimere dagens forvalting, er det eit argument som fell på si eiga urimelegheit.
Og det er nettopp her innlegget til Grønsnes blir problematisk. Han omtalar forvaltinga av brislingbestanden som om Hardangerfjorden framleis er eit relativt intakt fjordsystem der ein kan vidareføre gamle haustingsmønster. Og det er her han ikkje klarer å sjå samanhengen mellom ei sterk brislingstamme og ein langt meir robust fjordøkologi.
Ingen er ueinig i at brislingfisket har vore viktig for Hardangerfjorden og det er lett å la seg rive med i nostalgien kring dette fisket. Men historia kan ikkje brukast som dokumentasjon på at dagens økologiske situasjon toler den belastninga det i våre dagar vert lagt opp til.
Hardangerfjorden er i dag blant dei mest industrialiserte fjordsystema i landet. Oppdrettsaktivitet, næringssaltutslepp, klimaendringar og endringar i marine næringskjeder har til saman skapt eit heilt anna økologisk utgangspunkt enn då brislingfisket vart etablert som tradisjon.
Likevel verkar Grønsnes å meine at tradisjonen i seg sjølv skal vege tyngre enn behovet for ei meir økosystembasert forvalting.
Det er i tilfelle ei merkeleg tilnærming i 2026.
Brisling er ikkje berre ein ressurs for fiskeflåten. Han er ein nøkkelart i fjorden sitt økologiske samspel. Brislingen overfører energi frå planktonproduksjonen til større fisk, sjøfugl og marine pattedyr. Ein historisk liten brislingbestand får difor konsekvensar langt utover sjølve fiskeriet i eit allereie pressa fjordsystem.
Det er nettopp derfor forvalting ikkje kan handle om éin sektor om gongen.
Naturmangfoldlova krev at påverknad skal vurderast ut frå samla belastning på økosystemet. Likevel ser vi ei bit-for-bit-forvalting der kvar sektor forsvarer sitt inngrep isolert frå heilskapen.
Når forslag om å byggje opp att bestanden gjennom ei mellombels freding vert møtt med argument om «tradisjonelt fiske», framstår det mest som eit uttrykk for manglande vilje til å ta inn over seg kor alvorleg situasjonen i fjorden faktisk er blitt.
Ingen er tente med at Hardangerfjorden gradvis vert tømd for økologisk motstandskraft medan vi forsvarer oss med at «slik har vi alltid gjort det».
Det er ikkje respekt for tradisjon. Det er mangel på ansvar for framtida.