Klart for helikopterspyling i rasområdet i Skjeggedal
Plus
Ullensvang kommune melder om omfattande arbeid i rasområdet i Skjeggedal. Fredag 29. mai skal det utførast spyling med helikopter, noko som vil medføre vegstenging frå torsdag kveld og potensielt i opptil tre døgn etter spylinga.
Arbeidet startar med total stenging av vegen torsdag 28. mai frå kl. 19.00. Spylinga med helikopter vil så bli gjennomført så tidleg som mogleg fredag 29. mai frå ca. kl. 09, med atterhald om vêr og sikt.
Dette skuldast at vegbanen først må dekkast til med ei buffersone (pute) av lagvis grus og skytematter før spylinga kan starte. Det er viktig å merka seg at operasjonen kan føra til at vegen blir blokkert eller totalt stengd i inntil tre døgn etter spylinga, vert det opplyst i ei pressemelding.
Etter spylinga skal ein geolog og sikringsentreprenør inn i området for å inspisera rasløpet og rydde det manuelt. Først då kan vegen opnast igjen.
– Det er svært vanskeleg å seie kor lang tid dette arbeidet vil ta. Vi må også rydde vegen og reparera eventuelle skadar på vegbanen, skriv Ullensvang kommune i pressemeldinga.
Parkeringsplassen ved P2 blir landingsområde under operasjonen, og ingen uvedkommande må bevega seg inn i området. Kommunen vil utvide og følge opp vakthaldet nøye.