Herold

Svar til Ola Teigen: Tillit er mellom anna å halde det ein lovar

Plus
Kilde: Firdaposten Author: Hanne H. Kristensen, leiar Kinn Høgre Published: 2026-05-25 22:20:00
Svar til Ola Teigen: Tillit er mellom anna å halde det ein lovar

I debatten om Måsholmen er det allerede gjort godt greie for tekniske detaljer, så eg vil i dette innlegget fokusere på dei store linjene som gjorde at Høgre landa på å støtte utbygging.

Ei av dei sakene det har vore jobba mest og lengst med i Florø sentrum, er å realisere ei ny containerhamn i Florø.

Hovudmåla har vore ei funksjonell, god kai, der containertrafikken skulle vekk frå Fugleskjærskaia og at vi skulle få vekk tungtrafikken gjennom sentrum – få containarane vekk frå vegen og over på sjøen.

Måsholmen vart tatt med som ein del av den overordna kommunedelplanen i 2019, så ble reguleringsplanen sett i verk etter eit einstemmig kommunestyrevedtak i 2022. Mange har gjort planar og investeringar ut frå dette vedtaket, og det meiner Høgre det er viktig å respektere.

Vi har diskutert bekymringsrapportane som gjeld regulariteten til den nye containerhamna, slik som det blant anna har kome fram frå losane i området. Det er ikkje slik at innspela som kjem ikkje har blitt vurderte eller tekne på alvor. Men ei samla vurdering av at dei tekniske løysingene på Måsholmen er gode nok, kombinert med at Måsholmen ligg tett på eksisterande industriområde og produksjonsmiljø, var avgjerande for oss.

Det gir heilt andre moglegheiter for effektiv logistikk mellom fabrikk, lager og kai. Store deler av poenget med Måsholmen er nettopp denne samlokaliseringa mellom industri, næringsareal og djupvasskai, og var for oss ein viktig del av heilskapsvurderinga.

Vi ønskjer at dette skal bli ei trygg og velfungerande hamn som næringslivet kan stole på i framtida.

Ein av styrkene i Kinn kommune er bedriftene våre og viljen deira til å satse og tenke nytt. Det må vi ta vare på, og for Høgre vil det alltid vege tungt i den politiske spagaten alle står i når vi skal vurdere natur, arbeidsplasser og kommuneøkonomi. I Florø har vi tre etablerte industri- og næringsområde: Nesjane, Botnaneset/basen og Gunnhildvågen. Vi meiner at næringsutvikling knytta til allereie etablerte industriområde, i tråd med næringa sine behov, er god balanse.

Det vert problematisert at Høgre stemte samla i denne vanskelege saka. Vi har hatt mange runder med informasjon, habilitetsvurderingar, debatt, medlemsmøte og synfaring i denne saka. Den er òg programfesta i det programmet som gav Høgre både ordførsr og leiar i Plan og Samfunn etter valet.

Når Ola Teigen etterlyser kva Høgre skal gjere for å bygge tillit mellom naturverninteresser, innbyggjarar og kommunestyret, reknar eg med han òg tar med dei innbyggjarane som støtta oss i programmet vårt. Svaret vårt er at vi, som alltid, vil strekkje oss langt for å halde det vi lovar, og at vi alltid skal gjere ei grundig vurdering frå sak til sak. Vi støttar heilhjarta Kinn kommune sitt naturpolitiske dokumentet, og vil i vårt kommande programarbeid vekte dette tungt.

– Kva meiner Høgre skal til for å byggje tillit mellom naturverninteresser, innbyggjarar og kommunestyret?

I sitt innlegg viser Teigen til at Høgre og Frp ønskte å ta med seg Terøya vidare i regulering for å om mogleg sikre ein framtidig trasé for Kystvegen. At Teigen vel å framstille dette som om vi er klare for å legge øya flat for industri, synest eg er uryddig.

I den alternative planen frå Ap ønskjer ein å heller ta i bruk Flateneset til ny industriregulering. Bedriftene i Gunhildvågen har vore tydelege på at det er ikkje nok med meir areal, dei treng tilgang på kai - og det kan dei ikkje få på Flateneset.

Utan kai får vi heller ikkje reduksjon i tungtrafikken. Flateneset er i tillegg sett av til Landbruk, Natur- og Fritidsområde (LNF) og består av mykje myrområde, som det av miljøomsyn er svært viktig å ta vare på.

Ei regulering av Flateneset ville dermed ikkje stetta bedriftene sine behov, den ville tatt årevis å gjennomføre, og ville svært sannsynleg fått motsegn mot seg.

I motsetningtil Teigen og Ap meiner Høgre at det ikkje er eit godt naturpolitisk grep å vedta kompromiss som både grip inn i natur og gir dårlige løysinger.

🏷️ Extracted Entities (19)

Ola Teigen (person) Høgre (entity) Måsholmen (entity) Flateneset (entity) Florø (entity) Ap (entity) Kinn (entity) Botnaneset/basen (entity) Fritidsområde LNF (organization) Frp (entity) Fugleskjærskaia (entity) Gunhildvågen (entity) Gunnhildvågen (entity) Kystvegen (entity) Landbruk (entity) Natur (entity) Plan (entity) Samfunn (entity) Terøya (entity)