Voss bibliotek – eit mønsterbruk
Plus
Eg vil fyrst og fremst påpeike at dette meiningsinnlegget står eg for som fagperson. Det representerer ikkje nødvendigvis leiinga i Kultur og fritid i Voss herad sitt syn.
«Det er for mange tilsette på Voss bibliotek jamfør samanliknbare kommunar» er gjennomgangsmelodien me tilsette på biblioteket til stadigheit får høyre. Sanninga er at det jamt over diverre har vore ei nedbygging av bibliotektenesta over heile landet dei siste åra: jamfør «Kartlegging av bibliotekbudsjetter: fellesarenaene forsvinner».
I høve den nyss utkomne PwC- rapporten er eit av framlegga å kutte 1,8 stillingar tilsvarande om lag 30 prosent av bemanninga på Voss bibliotek. Rapporten viser òg til at me har to bibliotek i Voss herad. Det stemmer ikkje. Me har ansvar for å drifte fire bibliotek: Voss, Kulturbanken i Granvin, skulebiblioteket i Granvin og ikkje minst den særs populære Bokbussen. Rett skal vera rett.
Kari Nestaas Ruud frå Voss senterparti sitt debattinnlegg publisert i Hordaland 30.04.26 kjem med framlegg om at bibliotekrommet bør brukast «til mykje meir enn bibliotek», sidan det «berre» er bibliotek i kvardagen. Nestaas Ruud skriv at me kan ha nokre av bøkene i biblioteket, medan andre rom skal kunne brukast til andre føremål og annan aktivitet. Vedkomande har ikkje fagkunnskap om bibliotek, det kan ho ikkje lastast for. Det er òg rimeleg å anta at vedkomande ikkje har vore på besøk hjå oss, det er ho hjarteleg velkomen til.
Bibliotekrommet vert i dag brukt til allsidig aktivitet, og det er godt besøkt. Biblioteket rommar såpass mykje aktivitet at det tidvis er kapasitetsutfordringar hjå oss. Det er viktig for meg at folk får rett informasjon om kva eit bibliotek er. Det er ikkje noko som heiter «berre bibliotek». Eit moderne bibliotek omfattar mykje meir i dag enn før. Boksamlinga er ein stor del av verksemda, men det er òg lovfesta krav og forventingar om annan aktivitet.
Det er eit breitt spekter av tilbod hjå oss for folk på tvers av alle sosiale og demografiske samfunnslag. Eg trur ikkje kollegaene mine vil vera usamd med meg når eg skriv at me set stor ære i å fylle det viktige samfunnsoppdraget vårt. Biblioteket er ein demokratisk plattform som skal sikre beredskap i samfunnet. Og det skal vere ein nøytral arena, der alle kan kome uavhengig av bakgrunn.
I tillegg til ei mangfaldig og mykje utlånt boksamling, arrangerer me mellom anna språkkafé i samarbeid med Vaksenopplæringa for dei som lærer seg norsk, og datakafé for dei som treng litt ekstra støtte til å henge med i den digitale utviklinga. Me arrangerer samfunnsaktuelle debattprogram og litteraturarrangement i mange variantar. Me tilbyr songstund, kulturarrangement og bokformidling for både born og vaksne, og det er stor pågang med skuleklassebesøk. Alt dette går føre seg både dag, kveld og helg. I tillegg har me viktig kompetanse som krev kunnskap om informasjonsinnhenting, me er kursa i kildebevisstheit og kildekritikk som vert viktigare og viktigare, særleg i ei tid der KI dominerer. Eg vil påstå at det ikkje er reint lite.
Dette er det publikumsretta arbeidet, all dagleg drift og administrasjon kjem naturlegvis i tillegg. Etterspurnad etter eit godt tilbod, spesielt frå skulane, er stor og aukande, og me ynskjer å imøtekomme alle ynske og behov på best mogleg måte.
Ynskjer me å vere eit bibliotek med eit minimumstilbod i kulturbygda Voss? Er KOSTRA viktigare enn å bevare det gode tilbodet me har i dag? I praksis vil kutta bety at biblioteket stiller boksamlinga til disposisjon med få ressursar til å formidle ho. Det vil i så fall vere ei demokratisk utfordring og kjem i faretrugande nær konflikt med biblioteklova sitt føremål:
Lov om folkebibliotek (folkebibliotekloven)
Kapittel 1, §1. Målsetting
«Folkebibliotekene skal ha til oppgave å fremme opplysning, utdanning og annen kulturell virksomhet, gjennom aktiv formidling og ved å stille bøker og andre medier gratis til disposisjon for alle som bor i landet.
Folkebibliotekene skal være en uavhengig møteplass og arena for offentlig samtale og debatt.
Det enkelte bibliotek skal i sine tilbud til barn og voksne legge vekt på kvalitet, allsidighet og aktualitet.»
Voss bibliotek er etter mi meining eit mønsterbruk, særleg med tanke på kor mykje befolkninga og heradet får att for ein relativt liten sum. Dersom ein kuttar i stillingar kandet bety at ein må leggje ned Kulturbanken i Granvin. Eit meirope bibliotek driv seg ikkje sjølv. Det kan òg bety reduksjon i opningstider, og brukarane våre får jamt over eit dårlegare tilbod. «Ja, men biblioteket på Voss skal få meirope» – vil nokon kanskje bruke som argument. Då kan eg opplyse om at eit meirope bibliotek treng like mykje, om enn kanskje meir ressursar til å handtere auka tilgjengelegheit i biblioteket utanom opningstid. Meirope skal vere eit utvida tilbod, ikkje ei erstatning for personale. Dette er eit viktig poeng å få fram.
Reduksjon i tenesta vår er òg eit verdival, ikkje berre eit økonomisk val.
Me treng kulturhus som vert brukt
Treng me to kulturhus på Vangen?