Herold

Sentralisering og stordriftsfordelar

Plus
Kilde: Hordaland Author: Sturla Hommedal, Sigurd Tyssen og Helena Elvatun, Senterparti-representantar i Heradsstyret., Voss Published: 2026-05-25 12:16:48
Sentralisering og stordriftsfordelar

«Vossestrand kjem i det heile til Ä verta ein aud og daud plass viss andre skal styra oss». Desse profetiske orda uttala Torstein Dukstad i heradsstyremÞte i Vossestrand herad, 12. mars 1958, jamfÞr Bergens Arbeiderblad av 13. mars 1958. PÄ sakslista stod samanslÄing med Voss kommune, noko som vart gjennomfÞrt nokre Är seinare. Dagens Voss herad bestÄr av dei tidlegare kommunane Vossestrand, Evanger, Granvin og Voss, samt OksenhalvÞya som kom ifrÄ Ullensvang.

Denne spÄdommen stÄr heldigvis i tydeleg kontrast med visjonen til noverande Voss herad; «Eit sterkt regionsenter med levande bygder».

Meir av dagens nyhende er at det nyss er kome ein rapport ifrÄ PwC, med forslag til oss politikarar pÄ korleis me skal fÄ dagens kommuneÞkonomi til Ä gÄ meir i pluss. Det er lagt fram forslag som til saman vil gje heradskassa kring 103 millionar mindre i utgifter kvart Är.

Inne i dei forslaga ligg dei fleste kommunale tenestene som er att i gamle Vossestrand, Evanger og Granvin herad. Tenester som til dÞmes sjukeheimar og barnehagar. Eit gjennomgÄande tema er at sentralisering gjev stordriftsfordelar og robuste einingar som er meir fleksible og som utnyttar ressursane betre.

Dette er ikkje nye ord for dei av oss som har fylgt med i lokalsamfunna vÄre dei siste Ära. Me har vore borti ein god del sentralisering. Viss me gÄr litt tilbake i tid so kan me finna fram nokre dÞme.

I 2020 vart Granvin slĂ„tt i hopa med Voss, eit ledd i ein sentraliseringprosess iverksett av Solberg-regjeringa. MĂ„let med samanslĂ„ingane var Ă„ «Sikre likeverdige tjenester, styrke lokaldemokratiet og skape Ăžkonomisk mer robuste kommuner». For Ă„ ivareta begge kommunane vart det skrive ein intensjonsavtale, der det blant anna vart avtalt at institusjonane 1–10-skule, sjukeheim, barnehage og heimesjuketeneste skulle oppretthaldast i Granvin. Seks Ă„r seinare stĂ„r fleire av desse institusjonane for hogg i ein ny innsparingsprosess i den tenkte meir Ăžkonomisk robuste kommunen vĂ„r.

I 2012 rĂžysta ein for H-alternativet i skulebruksplanen, som fĂžrte til nedlegging av Oppheim, Bolstad, KlĂžve og Bordalen skular, samt ungdomstrinnet pĂ„ Evanger. Forventa Ă„rleg sparte midlar var dĂ„ pĂ„ 16–17 millionar, som inflasjonsjustert i dag er tilsvarande i underkant av 26 millionar. I PwC-rapporten ligg det inne forslag om kutt pĂ„ 19,4 millionar til i Vossaskulen.

I 2012 vart det ĂČg vedteke at Evanger aldersheim skulle flyttast til Hagahaugen, to mil vekke frĂ„ Evanger. Forventa Ă„rleg innsparing skulle vera pĂ„ 1,37 millionar, 1,95 millionar inflasjonsjustert til dagens verdi.

For Þvrig var avdelinga pÄ Hagahaugen lagt ned 8. mars 2020, ikkje som eiga sak, men som ein del av eit Þkonomi og budsjett-vedtak. I PwC-rapporten ligg det inne forslag om Ä leggja ned sjukeheimane pÄ Stronde og i Granvin, med fÞrespegla innsparingar pÄ 19,8 millionar Ärleg.

Kor er dei pengane me skulle ha spart i desse prosessane no? Har me trua pÄ at me kjem til Ä sjÄ pengane me er fÞrespegla me skal spara i desse nye prosessane? Har lovnadar og mÄlsetjingar frÄ det offentlege noko langsiktig verdi, eller stÄr dei seg berre til fyrste hinder i lÞypa?

Siste ordfÞrar i Evanger kommune, Ivar BjÞrgo, kom med denne oppmodinga til dei nye ordfÞrarane i Vaksdal og pÄ Voss i Horda Tidend, 24. desember 1963, dÄ Evanger kommune vart samanslegen med naboane: «Ha eit ope Þyra frÄ dei krav som kjem frÄ desse omrÄdi i dei nye kommunane. Me krev ikkje serfÞremunar. Men me vil gjerne stillast likt, sett i relasjon til heilskapen i kommunane. Eg likar ikkje ordet utkant. Lat det difor ikkje verta grunn for Ä bruka eit sovore uttrykk. Di stÞrre einingane vert, di stÞrre krav set det til administrasjonsapparatet. Det heile mÄ tuftast pÄ tillit og samarbeid for at framvoksteren og utviklingi i kommunen skal verta best mogeleg for alle».

Desse orda tykkjer me stÄr seg den dag i dag, og er noko me som representantar for senterpartiet bÄde stÄr for og jobbar for. Me mÄ ta vare pÄ heile heradet vÄrt, elles vert nok det profetien til Torstein Dukstad som slÄr til utanfor sentrum.

đŸ·ïž Extracted Entities (20)

Evanger (entity) Granvin (entity) Voss (entity) PwC (entity) Vossestrand (place) Hagahaugen (entity) Torstein Dukstad (person) Bergens Arbeiderblad (person) Bolstad (place) Bordalen (entity) Horda Tidend (person) Ivar BjĂžrgo (person) KlĂžve (entity) OksenhalvĂžya (entity) Oppheim (place) Solberg (place) Stronde (entity) Ullensvang (entity) Vaksdal (place) Vossaskulen (entity)