Pågåande rassikringsarbeid ved Rv 13 Osgjelet
Plus
Ved fleire høve har Statens vegvesen fått kritikk for manglande informasjon om stenging av vegen forbi Rv 13 Osgjelet. Prosjektet skulle ha vore ferdig i fjor men pga omsyn til vinteraktivitet i Myrkdalen vart det utsett til 4. mai 2026. Arbeidet stoppa opp i 6–7 mnd og me tenkte at når me skulle starta opp att 4. mai skulle det gå bra med omsyn til trafikkavviklinga.
Men her tok me feil. Det kom mange klagar og mykje har nok vore på sin plass. Det var mykje som glapp for oss ved oppstart. Det var det ulike grunnar for.
Det er kome tilbakemeldingar om at Statens vegvesen sine bilar slepp forbi stenginga, me har plikt til å følgje stengingsregimet til liks med andre. Byggjeleiar/kontrollingeniør som har ansvar for oppfølging av prosjektet har løyve til å sleppa inn i området.
Det er mykje laus stein i lia som kan trilla ned når ein jobbar i slike område, difor er det viktig å halda stengingsregimet slik det er sett opp for alle trafikantar, om det er Statens vegvesen eller ikkje.
Diverre har nokon av dei som utfører sikringsarbeidet opplevd å verta skjelt ut på butikken pga stengingsregime; det er ikkje greitt. Arbeidarane som jobbar fysisk ute har ingen påverknad på når og kortid arbeid skal utførast. Det er det byggherren i Statens vegvesen som har ansvar for.
Slik kritikk må ein skåna dei for. Desse folka har krevjande jobbar som er med på å gjera vegnettet vårt tryggare, og det må me setja pris på.
Statens vegvesen er rett instans til å ta imot kritikk og kanskje litt ros av og til. Men ros fortener alle som jobbar med trygging av vegnettet vårt, og iallfall dei som jobbar ute i brattlendt terreng uansett vêr og vind.
Med ynske om ein riktig god pinse, samt trygg og god køyreoppleving.