Herold

Bjørnar styrer Saga Fjordbase sitt varehus: – Alt som er lovleg å ha, kan riggane be om å få

Plus
Kilde: Firdaposten Author: Liv Standal Published: 2026-05-25 11:20:00
Bjørnar styrer Saga Fjordbase sitt varehus: – Alt som er lovleg å ha, kan riggane be om å få

13:20: Varehuset i bygg 75 på Fjordbase fører litt andre varer enn det du normalt forbind med handel.

Eit døgn på Fjord Base-vignett

Bygg 75 er strengt overvaka område. Her er logistikkavdelinga til Saga Fjordbase, med folka som held styr på all den interne transporten som kvar dag går føre seg. Alt som skal ut i Nordsjøen på båt passerer gjennom dette bygget.

Mange har høyrt om ISPS-sikring på kaier. Her har dei tilsvarande, sjølv om dei befinn seg på tørt land. Driftsansvarleg for operasjonar Bjørnar Hovden hentar meg i døra og passar på at eg skriv meg inn i besøksprotokollen.

– Det er ganske strengt, her er kamera og adgangskontroll. Beredskapsnivået vårt går frå Alfa til Delta, og vi befinn oss på Bravo. Stig det eitt hakk til, får vi ikkje ha besøk. Då er det kun arbeidsstokken som slepp inn her, forklarar han, og viser vidare innover i bygget.

Inne i den store hallen kjem varene inn gjennom ei sluse. Då er dei «skitne», fram til dei er kontrollerte av dei tilsette. I golvet er det teikna opp eit rutemønster, og kvar kunde har si rute. Når varene er kontrollerte blir dei plasserte i rett rute, som i eit kjempemessig sjakkspel.

Det som kjem inn kan vere alt frå smått pallegods til svære borekroner.

– Det er stor variasjon. Installasjonane i Nordsjøen er små samfunn i samfunnet - dei skal ha alt, ikkje berre mat og drikke, strekar Bjørnar under.

Mykje av utstyret som blir sendt ut er til produksjonen som går føre seg der ute. Utstyr til boring, vedlikehald, reparasjonar og ikkje minst røyr blir sendt i store lastberarar med supplybåtane. Det kan dreie seg om mange tusen tonn i veka, alt etter aktiviteten på sokkelen.

Eit døgn på Fjord Base

I tillegg til dette skal velferdsavdelinga skal treningsutstyr og råvarer til forskjellige hobbyar. Dei driv med flugebinding og tredreiing, dei har simulatorar og gamingrom - det er i heile teke utruleg mykje forskjellig som går offshore.

– Så lenge det er noko som er lovleg å ha, kan dei be om det, smiler Bjørnar.

Varene blir pakka i konteinarar som skal til dei ulike installasjonane. Etter siste kontroll blir det sett på ei plombering. Den må vere der når kontainaren kjem ut til destinasjonen i Nordsjøen.

– Vi prøver å hjelpe dei å handtere varene best mogleg der ute. Veit vi at ein stad har dei ein truck som taklar to tonn, så tek vi omsyn til det. Er vi i tvil, spør vi «korleis vil de ha dette.» Dei som sit inn mot kundane er flinke å ha dialog.

Bjørnar strekar under at bygg nummer 75 er viktig i forsyningskjeden. Dei har prøvd å samle alle dei relevante avdelingane her.

– Tidlegare sat vi på fire ulike stadar. No får vi bygd ein betre kultur, for vi blir kjende med kvarandre. Samarbeidet blir lettare - vi ser at vi får betre forståing for kvarandres kvardag når alle står midt i det saman, fortel han.

I tillegg til det som går føre seg på bygget, er dei ansvarlege for teknisk avdeling, og for bygg 80. Det ligg langt vest, over den vesle brua og ut mot fjorden. Der held TGS, som driv med seismikk, til.

Bjørnar har vore hos Saga Fjordbase sidan 2013, og synest han har ein spennande jobb.

– Det er kjekt å jobbe med folk, og eg trur ingen dag blir som eg har tenkt. Klart - det er utfordrande og travelt til tider, men eg ville ikkje hatt det annleis! Eg likar ikkje å ha det kjedeleg, for å seie det slik, smiler han.

Det er når det kjem mange båtar at det er på sitt travlaste hos dei.

– Då er det også travlast for dei som driv med transport og kraning og ventar på at lasta skal bli klar. Alle båtane skal kanskje ut og rekke eit vêrvindauge. Det må vi ta omsyn til og planlegge best mogleg.

Sjølv om Bjørnar no har fått nokre år på baken i jobben, hugsar han godt korleis det var å vere ny og kjenne seg på gyngande grunn.

– Då eg byrja i Saga fekk eg etter nokre månader moglegheit til å byrje hos BG Group, eit lite britisk operatørselskap, fortel han.

BG Group skulle bygge ut Knarrfeltet. Trass i at Bjørnar var fersk, fekk han ansvar for å sende ut den første båten. Den skulle ha med mesteparten av det tunge, store utstyret som riggen brukar for kople seg opp mot BOP’en som står mot brønnen. BOP er kort for Blowout Preventer, og då skjønar du kanskje kor viktig han er. Men så viste det seg at det var feil på nokre av delane som skulle om bord.

– Det gjorde at vi måtte stoppe den lasteoperasjonen - med båt, kranlag og alt. Eg følte meg litt på djupt vatn, der eg sat med oppdragsgiver-hatten og visste at det var pengar på spel. Men vi skal ha høve til å seie stopp om det går på sikkerheita laus, strekar Bjørnar under.

Og han fekk støtte frå sjefen sin.

– Det var sjølvsagt veldig godt å kjenne på at ein hadde nokon å lene seg på. Det hugsar eg godt.

Han hugsar også brannen på Petrojarl Knarr. Då ringde telefonen hans klokka halv to på natta.

– Vi har jo trent på naudsituasjonar. Då går ein inn i treningsmodus, ringer båtar og helikopter og får ut dei ressursane vi har tilgjengeleg så fort som mogleg. Det såg ganske alvorleg ut før vi fekk oversikt. Det brann i ventilasjonsanlegget og eit filter hadde smelta. Det var mykje røyk, og det gav næring til brannen at den var i ventilasjonsanlegget. På toppen av alt var mønstringsplassen på båten i dei lokala der brannen oppstod. Så det blei kaotisk, hugsar han.

Igjen kjende han på at han hadde ein sjef som støtta.

– Eg var aldri åleine om å ta beslutningar. Det var utruleg godt å kjenne på, for tida går frykteleg sakte i ein krisesituasjon.

For tida sender Saga Fjordbase forsyningar til Snorre A og B og til Visund for Woodgroup.

– Vi har også boreutstyr for dei, pluss Odfjell og Archer. Alt dette er Equinor sine riggar. Så har vi riggen Cosl Promoter, og Deep Sea Yantai kjem. Då skal dei bore ein ganske lang operasjon, med to brønnar som blir forsynte frå Florø. Då får vi fleire hattar, og så kjem også Wellesley Petroleum. Dei er spesialiserte på HPHT-boring, forklarar Bjørnar.

Og kva kan HPHT-boring vere, undrar du deg kanskje på? Jau, det er ei forkorting for «high pressure, high temperature» - altså høgt trykk og høg temperatur. Språket i oljebransjen er utelukkande engelsk og eit kapittel for seg. Det er Bjørnar godt klar over.

– Vi har jobba ganske mykje med å bryte ned stammespråket vårt. Vi har jo behov for at folk forstår kva vi snakkar om! Vi har eit «boring for dummies»-kompendium der ein kan gå inn og lese seg opp, og vi har fått tilbakemeldingar på at det er nyttig.

Trass i at Bjørnar etterkvart har mange år på baken i Saga Fjordbase-systemet, er han ingen ekspert, hevdar han.

– Men eg veit litt om alt, og dermed kven ein skal spørje. Det er utruleg mykje bra folk i bedrifta!

Eit døgn på Fjord Base-vignett

🏷️ Extracted Entities (24)

Saga Fjordbase (person) Bjørnar Hovden (person) Fjord Base (person) Nordsjøen (entity) BG Group (organization) HPHT (entity) Alfa (entity) Archer (entity) BOP’en (entity) Blowout Preventer (person) Bravo (entity) Cosl Promoter (person) Deep Sea Yantai (person) Dei (entity) Delta (entity) Equinor (entity) Florø (entity) ISPS (entity) Knarrfeltet (entity) Odfjell (entity) Petrojarl Knarr (person) Snorre A (person) TGS (entity) Wellesley Petroleum (person)