Herold

Ny Vår og vekst for Vibeke

Plus
Kilde: Firdaposten Author: Dag Nesbø Frøyen Published: 2026-05-25 12:00:00
Ny Vår og vekst for Vibeke

14:00: Vår Energi har ein klar ambisjon: å vere den tryggaste operatøren på norsk sokkel. Dette handlar ikkje berre om å verne folk og utstyr, men også om å ta vare på det sårbare marine miljøet. Sentralt i dette oppdraget er Vibeke Mowatt og miljøet i Florø.

Eit døgn på Fjord Base-vignett

For Vår Energi er beredskap meir enn berre ein plan; det er ein dagleg innsats, der eigarskapet til kontraktene og ein stor del av operasjonane styrast frå Florø.

I Florø sit Vibeke Mowatt. Ho har jobba på same stad sidan 2009 og er ein av dei som var med sidan selskapet heitte Gaz de France og dei hadde fokus på berre ein plattform, og eit dedikert standby-skip. Ho har hatt ulike leiarroller opp gjennom åra, mellom anna ansvaret for helikopter noko ho også jobbar sporadiske med framleis.

Eit heilt spesielt skip

Vibeke Mowatt jobbar både med Marine operasjonar og Område-beredskap som er ein viktig del av Vår Energi sin totale beredskap. Kring alle plattformene i Nordsjøen patruljerer spesialutstyrte beredskapsfartøy. Eitt av dei er Ocean Alden, standby-skipet til Gjøa-plattforma, ein plattform som er så tett på land at vi kan sjå den frå Brandsøyåsen. Skipet som ofte sirklar rundt Gjøa har Mowatt eit særleg tett band til.

– Eg har jo vore her sidan «tidenes morgon», og jobba tett opp mot rederiet då skipet vart bygd i si tid i Kina, fortel Vibeke.

Den personlege koplinga stoppar ikkje der. Det var faktisk Mowatt sin yngste son, Jakob, som vann namnekonkurransen då skipet skulle døypast. I mars 2012 vart Ocean Alden døypt av dåverande fylkesordførar Åshild Kjelsnes, som vart gudmor for fartøyet. Skipet vart opphavleg bestilt av Gaz de France for Gjøa-plattforma sitt beredskapsoppdrag.

– Ocean Alden er ein svært viktig kapasitet for vår beredskap, slår Mowatt fast. – Skipet har alt nødvendig oljevernutstyr ståande om bord for å kunne starte ein oljevern aksjon utan å gå til land for å mobilisere utstyret. Ocean Alden er eit av 3 fartøy som Vår Energi har som ressurser i NOFO-fartøy pool med denne kapasiteten. (NOFO er Norsk Oljevernforening for Operatørselskap som skal støtte operatørselskapene i ein potensiell oljevern-aksjon) I tillegg har vi i Florø ansvar for oppfølging av Stril Barents og Esvagt Aurora som ligg i Barentshavet knytt til Goliat og Johan Castberg operasjoner, fortel ho.

Meir enn berre oljevern

Men Ocean Alden er langt meir enn eit reint oljevernfartøy. Det er eit allsidig skip med hovudoppgåve å sikre både mannskap og miljø og er er utstyrt for å handtere «mann over bord»-situasjonar og er utstyrt med slepekapsitet som kan stoppe drivande objekt og fartøy som i verste fall kjem på kollisjonskurs med plattforma.

I tillegg har Ocean Alden ein fjernstyrt undervassfarkost (ROV) for inspeksjonar blant anna på rør og installasjonar på havbotn som er knytt opp mot plattformene. Etter Vår Energi sitt oppkjøp av Neptune Energy, ser selskapet no moglegheiter for å bruke ROV-en til ulike inspeksjonsoppdrag på fleire av sine felt på norsk sokkel. Dette er ikkje berre effektivt, men sparar både miljø og kostnader. Som ein konsekvens av suksessen med Ocean Alden er no Vår Energi i gang med å utstyre det Florø opererte beredskapsfartøyet Esvagt Aurora ved Goliat-feltet med ein liknande ROV for å styrke inspeksjonskapasiteten i nordområda.

Florø: Eit sentralt knutepunkt

Florø er eit sentralt knutepunkt for Vår Energi sine marine operasjonar. Det er herfrå selskapet planlegg og drifter kontraktene for alle Vår Energi sine fartøy knytt til boreaktivitetar, beredskap og oljevern langs heile norskekysten.

Marine operasjonar på Florø-kontoret har ansvar for eit breitt spekter av aktivitetar – frå forsyningstenester og beredskap til ROV-kampanjar og innleige av fartøy frå spotmarknaden. Vår Energi har i dag to boreriggar på langtidskontrakt, og i påska vart det offentleggjort at selskapet har inngått ein ny langtidskontrakt for leige av ein tredje borerigg, Transocean Barents. Både i år og neste år vil Vår Energi gjennomføre fleire borekampanjar i Gjøa-området utanfor Florø.

Når det gjelder forsyning til plattformene, har Vår Energi etablert eit strategisk partnerskap med Equinor (NLP). Dette samarbeidet er no utvida til å gjelde alle basar der Vår Energi har aktivitet – frå Barentshavet i nord til Dusavik i sør. Partnerskapet omfattar både marine operasjonar, helikoptertenester og basesamarbeid.

Frå kontoret i Florø blir beredskapen for plattformene Goliat, Gjøa, Jotun, Ringhorne og Balder fulgt opp og Vår Energi legg stor vekt på mannskapskompetanse og trening for fartøya og har jamlege øvingar og verfikasjonar styrt frå Florø avdelinga.

For Vibeke Mowatt har oppkjøpet av Neptune også gjort arbeidskvardagen meir spennande og ansvarsområdet betydeleg større. I tillegg til å følgje marine operasjonar, jobbar ho med det strategiske samarbeidet knytt til områdeberedskap i Barentshavet noko som ytterlegare styrkjer florøkontoret sin posisjon som eit sentralt knutepunkt for Vår Energi sine offshore operasjonar.

– Det er veldig kjekt for oss i Florø å bli ein del av Vår Energi og bli eksponerte for eit mykje større operativt omfang. Vi lærer stadig noko nytt, og samtidig kan vi ta med oss løysingar og erfaringar frå arbeidet med Gjøa, Ocean Alden og andre logistikkoperasjonar – og bruke dette inn mot endå fleire av Vår Energi sine plattformer og fartøy, avsluttar ho.

Eit døgn på Fjord Base

🏷️ Extracted Entities (27)

Vibeke Mowatt (person) Vår Energi (organization) Florø (entity) Gjøa (entity) Ocean Alden (person) ROV (entity) Barentshavet (entity) Fjord Base (person) Goliat (entity) Esvagt Aurora (person) Neptune Energy (person) Balder (entity) Brandsøyåsen (entity) Dusavik (place) Equinor NLP (organization) Jakob (entity) Johan Castberg (person) Jotun (entity) Kina (entity) Marine (entity) NOFO (entity) Nordsjøen (entity) Område (entity) Ringhorne (entity) Stril Barents (person) Transocean Barents (person) Åshild Kjelsnes (person)