Herold

Framtida til Fjord Base: – Vi jobbar med å finne nye forretningsområde kvar dag

Plus
Kilde: Firdaposten Author: Egil Kristian Aardal Published: 2026-05-25 13:30:00
Framtida til Fjord Base: – Vi jobbar med å finne nye forretningsområde kvar dag

15:30 Korleis blir framtida for landets største forsyningsbase, og kva må til for å bevare dei over 650 arbeidsplassane?

Eit døgn på Fjord Base-vignett

Sentrale spørsmål for Fjord Base som har runda 40 år og har mesteparten av aktiviteten knytt til olje- og gassnæringa.

Nedgangen i denne bransjen vil kome. Når og kor raskt er omdiskutert. Klimamål og behov for energiforsyning gjer dette òg til politikk.

– Vi står heilt klart i ei brytingstid og må omstille og fornye oss, fortel Bjørn Erik Kringstad leiar for sal, marknad og kommunikasjon.

Saman med Stig Førde, dagleg leiar av Fjord Base, og konsernsjef Ole Schanke Eikum får vi innsikt i kva dei ser føre seg om framtida til hjørnesteinsbedrifta i byen.

Eit håp om havvind

– Så lenge det er olje- og gassaktivitet skal vi vere leverandør. Vi jobbar beinhardt med å finne nye forretningsområde kvar dag, slår Førde fast.

Når det kjem til havvind i Norge er det prega av høge kostnader, utsettingar og behov for statsstøtte for å realisere lønsame prosjekt.

– På britisk sektor skjer det mykje innan havvind. Dette kan vere ein moglegheit for oss. Mange av bedriftene på basen i dag kan òg levere tenester til den industrien.

– Vi har eit sterkt mekanisk miljø i byen med røyrhandteringa på Fjord Base og aktiviteten på Westcon. Styrken vår opp mot havvind er at vi har mykje areal og infrastrukturen på plass og 650 tilsette som kan logistikk og arbeid innan mekaniske fag, skyt konsernsjef Ole Schanke Eikum inn.

Oppskrifta for suksess

Mellom to møter kjem konsernsjefen innom med betraktningar om det dei jobbar mot. Han meiner at heile florømiljøet har kompetanse som er relevant innanfor satsinga på havvind.

Om det ikkje blir dei høgste flytande konstruksjonane, kan det vere at materiell skal mellomlagrast på land og utførast arbeid på.

Han strekar under at suksessoppskrifta for utvikling av basen har vore at dei har hatt store langsiktige kundar som til dømes Equinor.

– Havvindutbygging derimot er prosjektbasert med korte kontraktar. Då blir det utfordrande å ta kai-investeringar. Det handlar om marknad og volum.

Straumkrevjande prosjekt

Ser det på havvind som ein reel moglegheit?

– Blant alternativa vi har, matchar havvind best kompetansemiljøet og kapasiteten vår. Det vil halde på arbeidsplassane våre, seier Førde.

Men de har vel andre aktørar som bankar på døra?

Vi sonderer breitt. Datasenter, Forsvaret og produsentar til oppdrettsbransjen er alle spennande aktørar. I forhold til datasenter, så har vi per i dag teknisk sett nok areal, men ikkje kraft. Men dette er noko vi vil få til på litt sikt. Uansett, areal og kraft er viktige drivarar for framtidig utvikling i Florø og i regionane elles, seier Kringstad.

Eit døgn på Fjord Base

Framleis olje- og gass

Å få ned kostnadane på dagens tenester og score sterkt på HMS ser dei på som viktig. Dei ser føre seg fleire tiår med oppdrag for olje- og gass næringa.

– Det som driv oss, er å sikre arbeidsplassane og det arbeider vi med kvar dag. Vi har gjort naturinngrep og då meiner eg at vi er forplikta til å gjere jobben skikkeleg med å skaffe aktivitet, forklarer Førde.

Han trekker spesielt fram behovet for meir straum til byen. NVE har no fått konsesjon til å bygge ei ny kraftlinje frå Magnhildskaret til Fjord Base som skal gå vidare til sentrum.

– Etablering av grøne alternativ tek tid. No kjem det bunkringsanlegg for ammoniakk, og Hyfuel AS planlegg produksjonsanlegg for hydrogen.

Kringstad minner om at 1 av 9 arbeidstakarar i Kinn kommune jobbar på Fjord Base. Dette er den største arbeidsplassen i Kinn etter kommunen og bidrar med 16 % av verdiskapinga.

– Det skjer mykje spanande innanfor olje og gass no. Både Equinor og Vår Energi har gjort funn som vil treffe Fjord Base i åra som kjem. I tillegg har regjeringa lyst ut svært mange leiteområde for olje og gass på sokkelen. Dette er også aktivitet som vil vere positivt for Fjord Base, understrekar han.

Eit døgn på Fjord Base-vignett

🏷️ Extracted Entities (15)

Fjord Base (person) Stig Førde (person) Bjørn Erik Kringstad (person) Equinor (entity) Kinn (entity) Ole Schanke Eikum (person) Florø (entity) Forsvaret (entity) HMS (entity) Hyfuel AS (organization) Korleis (entity) Magnhildskaret (entity) Norge (entity) Vår Energi (organization) Westcon (entity)