Herold

Anders frå Åbo kom til Florø på slump. I dag er han ekspert på det flytande

Plus
Kilde: Firdaposten Author: Dag Nesbø Frøyen Published: 2026-05-25 14:04:00
Anders frå Åbo kom til Florø på slump. I dag er han ekspert på det flytande

16:04: Han kom til Florø på motorsykkel i 2003. I dag er han Fluids Plant Supervisor for SLB på Fjord Base og rotfesta familiefar.

Eit døgn på Fjord Base-vignett

Anders Strömborg har vore ein del av SLB i Florø i 19 år, selskapet som tidlegare heitte Schlumberger. Før vi dykkar ned i kva SLB driv med, er det naturleg å spørje: Korleis hamna finnen Strömborg i Florø?

– Nei, det er jo tilfeldigheitene, då, seier Anders og smiler lurt.

Han kjem frå byen Pargas utanfor Åbo på den finske vestkysten, ein by der dei aller fleste også snakkar svensk. Dette er ein by med langt fleire soldagar enn den norske. Men på jakt etter eit eventyr saman med ei dame, var alle moglegheiter opne. Søstera bur i Oslo, så landet på andre sidan av Norden, var allereie på radaren. Men tilfella skulle ha det slik at dei hamna heilt vest i landet og Florø.

For ein motorsyklist er det norske Vestlandet noko du ikkje gir slepp på lett, så det er ein av grunnane som har bidrege til at Anders har blitt buande. I dag, 19 år seinare har han stifta familie, kjøpt seg hus og er pappa til to tenåringar.

Flytande spesialistar

SLB – er ein sentrale aktør på Fjord Base i Florø og støttar offshore-aktivitetar i Nordsjøen, spesielt retta mot felt som Snorre, Visund, Tordis og Vigdis.

SLB testar og leverer kjemikaliar og flytande produkt til boreoperasjonar i Nordsjøen. Verksemda liknar på den Halliburton driv på Fjordbase. SLB har spesialisert seg på avanserte teknologiske løysingar for boring og brønnkonstruksjon.

SLB jobbar ofte tett med operatørselskapa (som Equinor) gjennom integrerte servicekontraktar. Basen fungerer som et operasjonelt senter for koordinering av personell og teknologi.

  • NB:Ein annan avdeling i selskapet, SLB One Subsea, er også etablert på Fjord Base. Dei driv med vedlikehald og sertifisering av Subsea-utstyr.

Flytande lagerhall

SLB sine lagerhallar er fulle av store tankar med ulike kjemikaliar og væsker. På kaia står også store tankar med mud og andre kjemikaliar, klare til å pumpast over i forsyningsskipa som jamleg legg til kai.

Dei har også investert i fleire tankbilar som nyttar til å vaske tankane om bord i forsyningsskipa. Tidlegare vart dette gjort manuelt. I dag er dette heilautomatisert, og ifølge Strömborg er dette blitt ein hurtigare, meir miljøvennleg og langt meir effektiv måte å reingjere tankar på.

SLB er spesialistar på alt som er flytande – og væsker og kjemikaliar er heilt avgjerande i offshore boreoperasjonar.

Her er fire viktige eigenskapar borevæsker har:

1. Hydraulisk kontroll

  • Borevæske fungerer som ein flytande barriere som kan styre trykket i boreholet. Ved å justere eigenvekta (tettleiken) til væska, skaper ein eit hydrostatisk trykk som held gassar og væsker på plass i fjellet. Dette skal vere med å hindre utblåsingar.

2. Transport og reingjering

  • Borevæska må ha rette viskositet, det vil seie kor seig eller tjuktflytande den er.
  • Det betyr at den må vere tynn nok til å bli pumpa effektivt, men tjukk nok til å løfte utbora stein opp fleire kilometer til overflata.
  • Boreveske må også ha det som blir kalla «gel-styrke». Det betyr at dersom pumpene stoppar, skal væska stivne nok til at steinstøvet ikkje søkk til botns og låser fast boreutstyret.

3. Mekanisk og kjemisk stabilisering

  • Borevæska vernar også sjølve boreholet:
  • Væska legg att ein tynn, «smørbar» film på veggane som tettar porar og hindrar væsketap inn i fjellet.
  • Kjemikaliar i væska hindrar reaktive bergartar (som skifer) frå å absorbere vatn, svelle og kollapse inn i brønnen.

4. Kjøling og smøring

  • Boring skaper ekstrem varme og friksjon. Væska absorberer varmen frå borekrona og transporterer han til overflata, samstundes som ho smørjer kontaktflata mellom borerøyret og bergveggen for å redusere slitasje og energibruk.

Eit døgn på Fjord Base-vignett

🏷️ Extracted Entities (18)

Florø (entity) Anders Strömborg (person) Fjord Base (person) SLB One Subsea (organization) Åbo (entity) Nordsjøen (entity) Equinor (entity) Fjordbase (entity) Halliburton (entity) Norden (entity) Oslo (place) Pargas (entity) Schlumberger (entity) Snorre (entity) Tordis (entity) Vestlandet (entity) Vigdis (entity) Visund (place)