- Da ska bli godt å koma heimatt te damao pao fredag
Plus
KLOKKA 21:13: Parkeringsplassen utanfor Fjord Base har blitt ein møtestad for dei som køyrer dei verkeleg store bilane til og frå Florø.
Eit døgn på Fjord Base-vignett
Sjølv om Fjord Base handlar om logistikk til sjø frå land, så ligg det også ein stor porsjon logistikk på landevegen i forkant. Kvar einaste dag, året rundt, kjem mange vogntog austfrå, med Florø og Fjordbase som endestogg.
Onsdag kveld, litt over klokka ni, har trailerparkeringa på sørsida av bommen inn til Fjordbase byrja å fylle seg opp. Hit søker dei fleste sjåførane - også dei som ikkje har levering til forsyningsbasen denne gongen.
Lang veke, lange turar
- Jeu, berra stiga pao, kara! kjem det frå trailerhytta når vi bankar på og døra går opp.
- Nei, e ha kje last te basen denna gångi. E ska ned å lossa hjao Slakteriet i morgo tidle'. Men det er mykje trivelegare å parkera her. Hit kjeme det mange sjåførar for å stao øve natti, og dao e da ofte kjensfolk å prata med.
Karen som snakkar er Anders Leirmo, og vi skrur fort av tanken om å praktisere polsk-engelsk for å gjere oss forstått. 19-åringen er frå tjukkaste Gaupne og er sjåfør for transportselskapet E-trans.
Anders er glad for at ei veke som har vore ganske krevjande, snart går mot slutten.
Isopor: Dårleg last i stiv kuling
- Du, eg har køyrt eit lass med berre isoporkassar heile vegen frå Vartdal Plast og hit. I full nordakuling. Det er omtrent som å køyre heilt tom bil, isoporen veg jo ingenting. Det var eit lite h... å halde bilen på vegen til tider, sukkar 19-åringen.
Han legg ikkje skjul på at det kan bli lange dagar og tidvis litt einsamt. Men heime i Gaupne sit kjerasten, og dit skal han fredag, på ein velfortent friperiode.
- Det blir jo litt mykje tid på mobilen på kveldar som denne. Og i kveld ser det ikkje ut som det kjem kjensfolk heller. Men i det store og heile så trivst eg i jobben. Og han er godt betalt.
Ser mykje rar køyring
- Kor lenge i førevegen veit du kvar du skal køyre, og kor langt?
- Det er ofte korte fristar. Eg kom frå Oslo i går. Så til Vartdal Plast. No er eg her. Og eg veit det blir ein tur til før eg går på fri på fredag. No er det onsdag kveld. Kva den siste turen blir, veit eg enno ikkje. Men slik er det, konstaterer Anders.
(Saka held fram under bildet)
- Har du vore involvert i ulykker?
- Ja, det er ikkje så lenge sidan eg køyrde i ein tunnel og møtte ein tulling som køyrde forbi ein bil og kom rett imot meg. Då måtte eg hive vogntoget ut til sida. Resultatet var at eg tok heile taket på bilen min. Dagen etter monterte eg videokamera i hytta her.
- Er det mykje løgen køyring å sjå?
- Ja, dessverre. Det er mykje som eg vil kalle rein tylekøyring. Og du kjenner kanskje litt ekstra på det, dei gongene du sjølv køyrer farleg last.
Det er snart leggetid for ein sjåfør som har køyrt langt. To dagar gjenstår før han set kursen mot Gaupne, og ei heil veke fri.
- Da ska bli kjekt å sjao att damao, de e heilt sikkert!
Eit døgn på Fjord Base