Trafikkontroll i både aust og vest: To var på grensa til å miste lappen
Plus
Politiet gjennomførte fredag morgon ein trafikkontroll i Grimo langs fv. 550.
Både fart og alkoholpåverknad blei kontrollert.
– Der blei det delt ut to forenkla førelegg i 60-sona, med fart på 84 og 85 km/t. Det er éin og to kilometer i timen frå førarkortbeslag, opplyser Vidar Litle-Kalsøy ved Hardanger politistasjon,
Elles var det ingen av dei kontrollerte førarane som hadde utslag for ruspåverknad.
Seinare var det kontroll ved Stanatunnelen langs rv. 13, frå klokka 12:45 og utover.
33 førarar blei kontrollerte, og det var ingen utslag på alkometer og ingen reaksjonar for høg fart.
Skal ha blitt slått i bakken ved utestad