Politiet rykte ut til «vinglebil»
Plus
Måndag morgon gjennomførte UP ruskontroll i Tyssedal langs rv. 13 mellom klokka 9 og 10:30.
65 førarar blei kontrollerte, og det var ingen utslag for ruspåverknad.
Seinare blei det halde fartskontroll på Hildal langs rv. 13, mellom klokka 11:40 og 13:55.
Berre eitt forenkla førelegg blei delt ut, for 95km/t i 80-sona.
På kveldstid, klokka 18:43, fekk politiet melding om ein «vinglebil».
– Meldar hadde køyrd bak vedkomande frå Jondal til Odda, opplyser Vidar Litle-Kalsøy ved Hardanger politistasjon.
Politipatruljen rykte ut og kontrollerte vedkomande for ruspåverknad.
– Føraren var ikkje påverka, men blei gjeven ei oppmoding om å vere merksam, fortel Litle-Kalsøy.