Fråsegn mot rasisme, hat og truslar som politisk agenda
Plus
Sogndal kommunestyre vedtok einstemmig i møtet 13. mai ei fråsegn som tek sterk avstand frå rasisme, hat og truslar. Framstegspartiet si gruppe stemde mot at dette skulle setjast opp som sak på dagens møte. Ikkje fordi me var usamde i innhaldet i fråsegna.
For oss i Framstegspartiet er det som står i fråsegna så sjølvsagt og innlysande at me ikkje ville bruka tid på det i kommunestyremøtet. Avrøystinga enda med fleirtalsvedtak, mot stemmene til Framstegspartiet. Saka vart debattert og handsama seinare på dagen. Framstegspartiet vart då sjølvsagt med på å sikra einstemming fleirtal, for ei innhaldsmessig god fråsegn, men ikkje som sak.
I fråsegna er avgått FpU-leiar, noverande stortingsrepresentant Simen Velle nemnt. Det samme er AUF-leiar Gaute Børstad Skjervø. Begge har fått alvorlege truslar mot seg. For oss er det underordna kven rasisme, hat og truslar vert retta mot, og frå kven. Framstegspartiet tek på det sterkaste avstand frå slik type oppførsel.
Knut Henning Grepstad frå Arbeidarpartiet sa frå talarstolen at det som står i fråsegna ikkje kan seiast for ofte. Det har han sjølvsagt heilt rett i. Men, det aller viktigaste er at ord vert meir enn berre ord, og at det vert gjort til handling. Å minna oss sjølve på å etterleva den gylne regel, «Ver mot andre slik du vil at andre skal vera mot deg», meiner me er ein fin start på ein ny dag. Det vil gi større utslag og resultat enn ei fråsegn som politisk agenda i ein kommunestyresal.
Innbyggjarane i Sogndal skal vita at me som folkevalde Frp-politikarar i kommunen, har Arnulf Øverland sine kraftfulle ord fremst i pannebrasken kvar dag:
«Du skal ikke tåle så inderlig vel den urett som ikke rammer deg selv».
Ein urett mot ein, er ein urett mot oss alle