Herold

Kjørte feil veg i tunnel. Mista lappen

Plus
Kilde: Sandnesposten Author: Mikkjell Lønning Published: 2026-05-25 07:59:58
Kjørte feil veg i tunnel. Mista lappen

Ein ung mann kom i feil kjøreretning i Ryfylketunnelen.

Måndag morgon fekk politiet tips om ein bil som kjørte feil retning i Ryfylketunnelen.

– Bilen hadde tatt ein u-sving i tunnelen og kom ut på Hundvåg-sida, opplyser operasjonsleiar Olaug Bjørnsen.

Politiet kom raskt i kontakt med føraren.

Den unge mannen innrømma kva som hadde skjedd, og samtykka til at politiet tok beslag i førarkortet hans.

Politiet har oppretta sak.

– Det er ikkje mistanke om ruskøyring, seier Bjørnsen.

🏷️ Extracted Entities (3)

Olaug Bjørnsen (person) Ryfylketunnelen (entity) Hundvåg (entity)