Herold

Naturen i Kvinnherad – svar til Øyvind Hardeland

Plus
Kilde: Kvinnheringen Author: Sigurd Vikøren Published: 2026-05-24 20:10:00
Naturen i Kvinnherad – svar til Øyvind Hardeland

Gode Øyvind Hardeland, det er heilt rett at eg er bekymra for naturen i Kvinnherad. Å lesa din reaksjon, gav ikkje akkurat noko sjelefred.

Skal vi få ein busetnad slik vi alle ynskjer, er god planlegging det som må til. Dersom politikarane, innanfor gjeldande lovverk, gjer ein god jobb, så får vi det tilbodet av bustader vi ynskjer å ha. Skal vi unngå dei prognosane som uroar Hardeland, trur eg vi må sjå på heilt andre utfordringar.

Naturen er det aller viktigaste vi har for å «lokka» folk til Kvinnherad. Når kommunen søkjer etter nøkkelpersonell, så viser dei til natur i verdsklasse rett utanfor dørstokken. Når kommunen då likevel slit med å få tak i folk, etter fleire forsøk, burde vi kanskje spørja oss om den erklærte verdsklassen ikkje lenger er attraktiv nok, kanskje verdsklassen rett og slett har falma?

Det er svært bekymringsfullt at vi har bygd ned 90 % av vassdragsnaturen vår på ein generasjon. I tillegg skal vi byggja to store effektkraftverk i Fjellhaugen og Mauranger. Effektkraftverk er i prinsipp svært skadelege for naturen. I tillegg vil desse prosjekta fortsetja nedbygging av naturen i Kvinnherad. Sigve Solheim har fortalt om eit tosifra tal store prosjekt som snart kjem, prosjekt som byggjer ned areal, og får folk til å kjenna seg uvel, fordi barneborna vår ikkje får oppleva den fantastiske naturen vi ein gong hadde.

Eg trur ikkje nokon har bygd ned store delar av naturen vår målmedvite. Men vi har truleg hatt for dårleg oversikt, for dårlege planar. Då blir det krevjande å koma seg ut av bit for bit nedbygging, og vi har hamna der eg trur mange av oss ikkje ynskjer å vera.

Skal vi koma oss ut av vanskane våre må det hard lut til, og vi må alle samarbeida. Det viktigaste er å erkjenna situasjonen vi har hamna i, og forstå at vi må endra kurs. Ei slik kursendring er det einaste som kan leggja grunnlaget for vegen ut av vanskane. Ynskjer vi eit friskare og betre Kvinnherad, blir den nye arealplanen ekstremt viktig. Vi må ta innover oss sentrale krav som i dag vert stilte til kommunane.

Kva planar har Kvinnherad i dag for å nå målet om arealnøytralitet?

I Stortingsmelding nr. 35 (2023 – 24) står det at regjeringa oppfordrar kommunane til å setja seg mål i kommunale planar (2023 – 2027) for å redusera nedbygginga av areal.

Kva mål har Kvinnherad kommune for å redusera nedbygging av natur?

Regjeringa understrekar også kor viktig det er å skaffa seg oversikt over forringa natur. Kva oversikt har Kvinnherad over slik natur i kommunen? Regjeringa har bestemt at inntil 30 % av forringa natur skal rehabiliterast. Det hastar med å koma i gang med rehabiliteringa, så vi treng ei prioriteringsliste over kva areal vi skal rehabilitera fyrst.

Regjeringa vil at vi skal fylgja opp det vi forplikta oss til gjennom signering av Montreaal-avtala. Då skal vi i tillegg til rehabilitering, ta vare på 30 % av urørte landområde og områder i sjø. På kva areal i Kvinnherad har kommunen planlagt at naturen skal vera som han er i all framtid?

Dette er oppgåver særleg leiaren i PTM utvalet har ansvar for å leggja på bordet. Men når utvalet, administrasjonen og alle gruppeleiarane skal møtast 4. og 5. juni for å einast om arealplanen, har absolutt alle som deltar eit ansvar for å ta opp desse overordna problemstillingane til bruken av arealet i kommunen vår. Vi er mange som vonar at alle vil ta ansvaret de har, og syta for at desse arealavgjerande sakene finn sin plass i vår nye arealplan. Lukke til!

Utsette å senda planen på høyring: – Viktig at vi får gjort det skikkeleg

🏷️ Extracted Entities (8)

Kvinnherad (entity) Gode Øyvind Hardeland (person) Fjellhaugen (entity) Mauranger (entity) Montreaal (entity) PTM (entity) Sigve Solheim (person) Stortingsmelding (entity)