No må den tause majoriteten vera med på dugnaden!
Plus
Dagens hjertesukk: Kva er det med at homofobane og transfobane har starta korstog på Facebook i det siste, der dei går inn på tilsynelatande tilfeldige personar sine innlegg for å skriva drit? På kryss og tvers av landet, utan felles venner eller geografisk tilknyting. Det einaste fellestrekket verkar å vera bibelsitat på Facebook-profilen, samt deling av masse ukritisk piss frå Konservativt og koko-høgre.
Seinast i dag fekk eg opp eit herleg bilete på Facebook av eit likekjønna ektepar som hadde gifta seg. 90 % av kommentarane var hjarte og gratulasjonar, men så kom den siste 10 %: Dei vanlege namna og folka, homofobar, transfobar, ja – generelt jævlige og hatefulle folk. Ei av dei bur visst her i nærleiken. Ho har vore fast inventar på alle av lokalavisene sine innlegg om Pride, LGBT osb. i årevis, men no har ho tydelegvis «brancha ut» til nasjonalt nivå. Og ho føyer seg til lista over andre «usual suspects» som stort sett dukkar opp. Adam Schjølberg er ein av dei som ofte blir mål for hatet, og som er såpass beintøff at han gir i retur. Me treng så absolutt fleire som han! Å rapportere til Meta har null effekt. Dei gir faen. Og det er sjukt at det skal vera slik i 2026.
Med ei veke igjen til Pride-månaden er det berre å stålsetja seg, som vanleg. Eg er moderator på r/norge og får (diverre) sjå det jævligaste av det jævlige, som me heldigvis stansar før det blir publisert. Men det er sjukt at det finst så mange folk som faktisk skriv det til å byrja med.
Så kva er poenget mitt? Jo, at du faktisk utgjer ein stor forskjell ved å vera ein av dei som svarer, reagerer, rapporterer og er motvekt til hatet. Me veit at desse hatefulla folka er ein minoritet – men ein jævlig høglytt ein. Så no må den tause majoriteten vera med på dugnaden.
Ser du Pride-innlegg eller innlegg frå LGBT-personar? Gi dei hjarte og rause kommentarar. La det gode stå i tydeleg fleirtal. La hatarane drukna i mengda og ikkje få spotlighten. Me blir nok aldri kvitt dei, diverre, men me kan stå saman og visa at denne slags hat godtek me faktisk ikkje i 2026. God pride, alle saman!
Nettroll og normalisering av hets: – Det er den eine prosenten