FotballtrĂžyene som reddar liv
Plus
Det finst eit fotballag i Norge som ingen Ăžnskjer Ă„ bli ein del av. Likevel betyr laget alt for dei som er med der.
Verdas finaste lag bestĂ„r av elleve barn frĂ„ heile landet som har â eller har hatt â kreft. Nokre av dei har vore vekke frĂ„ skulen i fleire Ă„r. Nokre har levd store delar av sine fĂžrste Ă„r pĂ„ sjukehus.
Fem Är gamle Helmer har leukemi og har vore borte frÄ barnehagen i to Är. Olivia frÄ Senja har vore gjennom rundt 40 narkosar og over 30 blodoverfÞringar. Mia frÄ LillestrÞm mista sin kjÊre bror, Lukas, til kreft i september i fjor.
Til saman har barna pÄ laget hatt mellom 300 og 400 narkosar, hundrevis av cellegiftkurar og vore borte frÄ skule, barnehage og familiane sine i fleire tusen dagar.
Dette er harde fakta og dei barna som representerer Barnekreftforeningen i Är nÄr vi snakkar om FotballtrÞyeFredag.
Ta FotballtrÞyeFredag pÄ alvor
Fredag 29. mai tar folk over heile Norge pÄ seg fotballdrakter for Ä stÞtta barn og unge rÄka av kreft. PÄ skular, arbeidsplassar og fotballbanar kan ein sjÄ drakter i alle fargar. Det er eit event og ein morosam dag, men det er noko meir.
For bak FotballtrÞyeFredag ligg det ogsÄ alvor.
Ein betydeleg del av kreftforskinga i Norge er finansiert av vanlege menneske. Av folk som gir litt og engasjerer seg. NÊringslivet som kjÞper trÞye #10 og sponsorpakkar, privatpersonar og supporterklubbar som opprettar ein Spleis, og folk som tar pÄ seg ei fotballdrakt pÄ jobb og vippsar ein sum. Slik blir det samla inn pengar til livsviktig kreftforsking.
Ein tredel av forskinga er folkefinansiert
Dei ulike kreftforeiningane i landet finansierer rundt ein tredel av all kreftforskinga i Norge. Gjennom tidene er det delt ut over ti milliardar kroner til forsking. I februar i Är delte Barnekreftforeningen ut 45 millionar kroner til forskingsprosjekt som vi veit vil bety ein forskjell for veldig mange barn.
At sÄ mykje av forskinga er folkefinansiert, er ganske oppsiktsvekkande nÄr ein stoppar opp og tenker over det. Forskinga som gjer at fleire barn overlever kreft i dag enn for fÄ tiÄr sidan, er i stor grad bygd av fellesskapet.
Treffsikker behandling
Forskninga startar med at nokon bryr seg nok til Ă„ bidra.
For forsking skjer ikkje av seg sjĂžlv. Forsking krev tid, menneske, laboratorium, kliniske studiar og langsiktig finansiering. Mange av framskritta som i dag gir barn mer treffsikker behandling og betre overleving, er resultatet av langsiktig innsats og finansiering â og bygger pĂ„ forsking som har fĂ„tt tid, tillit og ressursar til Ă„ utvikla seg.
Det er lett Ă„ glĂžyma kor skjĂžr denne utviklinga eigentleg er.
Overleving og seineffektar
I dag overlever nesten ni av ti barn som fĂ„r kreft i Norge. Det plasserer Norge heilt i verdstoppen, ifĂžlgje ei nyleg publisering i The Lancet. Samtidig er kreftbehandling ei stor belastning for unge kroppar, og svĂŠrt mange lever med seineffektar etter barnekreft. Derfor mĂ„ forskinga styrkast pĂ„ omrĂ„de som kan gi barn meir persontilpassa og treffsikker behandling, som presisjonsdiagnostikk, mĂ„lretta behandling, genterapi og prediksjonsmodellar â behandling som ikkje berre reddar liv, men ogsĂ„ kan redusera belastninga undervegs og risikoen for seineffektar seinare.
Framstega kom ikkje tilfeldig. Dei blir finansierte av deg og meg nÄr vi engasjerer oss.
Laget er viktig
For barna pÄ Verdas finaste lag er dette verken politikk eller statistikk. Det handlar om livet deira og om Ä fÄ behandling som virkar og er skÄnsam. Det handlar om Ä fÄ begynna pÄ skulen eller i barnehagen igjen og om Ä komma tilbake til fotballaget.
Men det handlar ogsÄ om noko anna: Fellesskap.
Forsking og hÄp pÄ FotballtrÞyeFredag
For nÄr eit barn fÄr kreft, forsvinn ofte mykje av det som er vanleg. Kvardagen. Venner. Treningar. Bursdagar. FÞlelsen av Ä hÞyra til. DÄ betyr det enormt mykje Ä kjenna at nokon stÄr rundt deg.
Det er derfor FotballtrÞyeFredag betyr noko langt stÞrre enn ein innsamlingsaksjon. Det er ei pÄminning om at ingen skal stÄ Äleine i den kampen.
Fellesskap og engasjement blir til forsking. Og forsking blir til hÄp. Bli med pÄ FotballtrÞyeFredag du ogsÄ. Ta pÄ deg favorittdrakta og vips eit valfritt belÞp til 4422 for fellesskap og forsking.