Inviterer til skytingens dag med is, kaker og pølser
Plus
Ullensvang skyttarlag inviterer til open aktivitetsdag for heile familien.
– Det blir mogelegheit for trening og oppskyting til jaktprøven, men i tillegg blir det open dag på 50 meters banen kor alle kan prøva skyting med kaliber .22, gjerne for første gang. All ammunisjon er gratis, det same gjeld avvikling av ein jegersti for hele familien, melder Ullensvang skyttarlag på Facebook.
Dei antar at løypa tek ein halvtime, og reklamerer med premiar i fleire aldersklassar. Det vert ei eigen klasse for dei som stiller med fleire generasjonar på same lag.
Målet er å laga ein familievennleg dag kring skytebanen i Kinsarvik, og det vert servert kaffi, kaker, vaflar, is og pølser. Skytingens dag vert markert laurdag 30. mai, og arrangørane håpar på godt oppmøte til det gratis arrangementet.
Gåve til skyttarlag: – Vi fekk vite om at vi skulle få ein sjekk i går kveld, men visste ikkje summen