Herold

Camilla køyrer container-truck: – Dagane er sjeldan like

Plus
Kilde: Firdaposten Author: Egil Kristian Aardal Published: 2026-05-25 05:55:00
Camilla køyrer container-truck: – Dagane er sjeldan like

07:55 Kva som skal lastast og lossast, og korleis jobben skal gjerast, det er tema på morgonmøte inne på transportkontoret.

Eit døgn på Fjord Base-vignett

Klokka er nærmar seg 08.00 og Ann Iris Holm er i gang med å fordele dagens oppgåver.

– Det handlar om å organisere arbeidet og gi informasjon til alle som er involvert, forklarer ho som har basevakt denne veka.

Dei er fem personar som byter på leiaroppgåva som blant anna består i å avvikle slike morgonmøte.

Denne dagen med regn i lufta er det rundt ti maskinførar, kranførar og formenn som følger nøye med på kva som blir gitt av beskjedar.

– Vi går gjennom HMS-rutinar og korleis vi løyser transportoppdraga. Elles spelar vêret inn på arbeidet som skal gjerast og det må vi ta omsyn til, forklarer Ann Iris.

All last som skal køyrast til og frå kaiene på basen er det mange av gjengen på morgonmøte som tek seg av.

Tre kranar står oppstilte innanfor sikringsgjerde til kaiområdet og ein fjerde er på veg vestover mot kai E. Svære truckar står på rekke og rad.

Maskinførar Camilla Åsvoll startar opp container-trucken (reachstacker) på 46 tonn og gjer seg klar til ein ny arbeidsdag. Termokoppen er toppa med kaffi.

– Vi har ei utstyrsliste som logistikksenteret skriv ut kvar ettermiddag. Ho fortel kva vi skal gjere neste dag. Det handlar blant anna om kva slags maskiner som skal nyttast og fordeling av arbeidet.

FP 2026 Fjordbase Stemning Transport 1920x1080 25p H264 AAC EBU R128 v01 Camilla køyrer container-truck

Camilla starta på Fjord Base i 2018 og beskriv jobben som spennande, utfordrande og dagar som sjeldan er like.

– 14-tonns trucken er min faste arbeidsplass. Det går i handtering av ulike containerar. I dag skal vi losse og stable ISO-tankar som blir brukt til å frakte boreslam.

Med vind og typisk vestlandsvêr må dei jobbe ekstra varsamt. Containerar på 30–40 tonn som blir utsett for vindfang må handterast forsiktig.

– Vi lever faktisk for HMS! Det er det aller viktigaste. På området er det køyretøy og personell som vi må ta omsyn til. Det krev at vi må vere skjerpa. Dette er tungt utstyr og kjem du tett på har vi avgrensa siktsone.

Arbeidslaga går i vaktrotasjon og det kan bli jobbing både seint og tidleg.

Eit døgn på Fjord Base-vignett

🏷️ Extracted Entities (10)

Fjord Base (person) Ann Iris Holm (person) HMS (entity) Camilla (entity) E. Svære (person) Fjordbase Stemning Transport (organization) H264 AAC EBU R128 (organization) ISO (entity) Kva (entity) Maskinførar Camilla Åsvoll (person)