Herold

Dei held liv i butikken: – Vi kan ikkje berre tenke at kundane veit kven vi er

Plus
Kilde: Firdaposten Author: Liv Standal Published: 2026-05-25 07:30:00
Dei held liv i butikken: – Vi kan ikkje berre tenke at kundane veit kven vi er

09:30: Ein mogleg ny kunde for Fjord Base er på trappene, og strategien må leggast.

Eit døgn på Fjord Base-vignett

Sjef i Saga Fjordbase Erlend Toftesund og konsernsjef i Fjord Base Gruppen, Ole Schanke Eikum møtest på førstnemnde sitt kontor om morgonen 25. mars. Når påska er over, er målet å ha ein presentasjon av basen sine tenester klar til den potensielle nye kunden.

– Vi har allereie ein eksisterande avtale med managmentet kunden brukar, så der har vi ein fellesnemnar.

Framleis olje- og gassekspertar

I tildelingsrunden APA 2025, der myndigheitene vurderte søknadar frå til saman 20 selskap, dukka det opp ny operatør. Og med Shell borte frå basen, vil dei gjerne fylle tomrommet. Ei sentral oppgåve for baseleiinga er å tilnærme seg nye kundar. Det betyr at dei heile tida må ha auga opne for ny aktivitet.

Konsernsjefen kallar basen og tilboda deira «eit solid produkt». Som døme på dei viktigaste fortrinna til Fjord Base nemner Toftesund det sterke og langsiktige fokuset på HMS-arbeid, samt den gunstige lokaliseringa: Den korte avstanden ut til felta vest og nord for oss gir både operasjonelle og logistiske fordelar.

– Vi har jobba målretta og systematisk med dette gjennom fleire år. Det ligg eit tydeleg leiingsfokus i botnen, og samstundes er vi svært opptekne av å ta i bruk gode verktøy og arbeidsmetodar for å sikre eit trygt og godt arbeidsmiljø. Tala viser at denne innsatsen gir resultat. Dessverre skjer det framleis nokre stygge og alvorlege uhell og skadar. Difor er det viktig for oss å jobbe for eit trygt og sikkert arbeidsmiljø, slik at ingen blir skadde på jobb - verken hos oss eller elles på basen. Dette er noko også selskapa er opptekne av, og det er heilt avgjerande at vi alle er med på å levere på dette området, slår Schanke-Eikum fast.

Og sjølv om basen er midt i ei grøn omstilling, er dei framleis olje- og gassekspertar.

– Det er viktig å halde varmt det som framleis er varmt, slår Toftesund fast.

Eit døgn på Fjord Base

Schanke-Eikum peikar på at Fjord Base er del av ei større verdikjede i kritisk energiforsyning ut til Europa. Det kan gjere dei sårbare i urolege tider som den vi lever i no.

– Heile den kjeda vi er del av kan vere mogleg mål for å stoppe desse forsyningane, og vi har jobba godt med at det ikkje skal skje noko utilsikta her hos oss. Det er ein litt anna trusselsituasjon no, som følgje av krigane i Ukraina og Iran - då er energiforsyninga kritisk.

Held liv i butikken

I møtet med den potensielle kunden er det naturleg for Toftesund å fokusere på det dei er sterke på.

– Vi er del av ein kompakt 15-minuttsregion, der kundane har tilgang på eit breitt spekter av service og kompetanse. I tillegg til tilboda på sjølve Fjord Base, blir det også trekt vekslar på eit sterkt lokalt og regionalt leverandørmiljø med høg fagkompetanse. Det betyr kortare responstider, fleksibilitet og effektive løysingar. Det er ein viktig del av den samla verdien vi tilbyr her, seier Toftesund.

Salsarbeidet handlar om både eksisterande og framtidige kundar.

– Vi kan ikkje berre tenke at «dei veit kven vi er». Vi må ut og fortelje kven vi er, kor vi er, og kva bedrifter som er her, seier Toftesund.

For parallelt med salsarbeid og HMS-fokus må baseleiinga tenke langsiktig, og ha ein plan for kva dei skal drive med dei neste ti åra: Bli endå betre på det dei allereie gjer, og vere offensive i arbeidet med å få inn ny aktivitet og nye moglegheiter.

– Då er vi inne på det grøne skiftet og dei neste næringane. Det er ein spennande og variert kvardag! Vi skal halde liv i den butikken vi har, samstundes som vi skal utvikle oss, avsluttar Schanke-Eikum.

Eit døgn på Fjord Base-vignett

🏷️ Extracted Entities (11)

Fjord Base Gruppen (person) Saga Fjordbase Erlend Toftesund (person) Base (entity) HMS (entity) Schanke-Eikum (entity) APA (entity) Europa (entity) Iran (entity) Ole Schanke Eikum (person) Shell (entity) Ukraina (entity)