– Vi er som eit orkester der alle instrument må vere stemt
Plus
09:52: Statoil var med frå start, og administrasjonsbygget deira var eit av dei første som vart bygd på Fjord Base. Frå dag ein har selskapet som er majoritetseigd av staten vore premissleverandørar for det meste som har skjedd på det som i dag er den største forsyningsbasen i Norge, Fjord Base.
Eit døgn på Fjord Base-vignett
På Fjord Base i Florø er Equinor ein sentral aktør. For å forstå kvifor selskapet er så viktig, både lokalt og nasjonalt, tar vi eit kort tilbakeblikk på norsk oljehistorie.
«Merry Christmas Norway»
- 1969:Vesle julaftan 1969 fekk norske styresmakter ei gladmelding frå det amerikanske oljeselskapet Phillips Petroleum: Dei hadde funne olje! Ikkje berre litt olje, men det største oljefeltet som nokon gong var funne til havs – Ekofisk. Dette funnet skulle endre Norge for alltid.
- Starten: I starten hadde Norge lite erfaring med oljeindustrien. Utanlandske selskap stod for leiting og utbygging av dei første felta, men dette skulle snart endre seg.
Staten tar styringa, Statoil blir stifta
- Norsk kontroll: Den norske staten ønskte å få meir kontroll over den nye, viktige næringa. Industrigiganten Norsk Hydro kom inn i bransjen, og i 1972 vart Statoil oppretta, heileigd av staten.
- Utvikling:Stortinget bestemte at staten skulle styre utviklinga. Staten garanterte for kostnader og delte risiko med internasjonale selskap som hadde den nødvendige kompetansen til å bygge ut nye felt.
- Equinor: I 2007 fusjonerte Hydro og Statoil, og i 2018 skifta Statoil namn til Equinor. I dag er Equinor Norges største selskap. Det er delvis privatisert, men staten eig framleis to tredjedelar. Selskapet har vore heilt avgjerande for utviklinga av norsk oljenæring.
Oljefondet sikrar framtida, vi blir steinrike
- Superrike: Inntektene frå olje- og gassnæringa har gjort Norge svært rikt. Ved å sikre kontroll over denne ikkje-fornybare energisektoren, har staten sikra inntekter for framtidige generasjonar, også etter at oljen ein dag tar slutt.
- Oljefondet: Heile 78 prosent av inntektene frå all olje og gass produsert på norsk sokkel går direkte til Oljefondet. I dag tener vi meir på Oljefondet enn på sjølve olje- og gassproduksjonen. Til dømes, i fjor (2025) tente staten 664 milliardar kroner på oljebransjen, men over tre gonger så mykje – heile 2.362 milliardar kroner – kom frå avkastninga i Oljefondet.
- Per innbyggjar: Om verdien av Oljefondet vart fordelt på kvar innbyggjar i Norge, ville kvar og ein av oss hatt nesten 4 millionar kroner på bok.
Equinor i Florø: Røyra sin hovudstad
40 år med Equinor i Florø
Equinor er altså ikkje berre viktig for landet, men også for mange selskap som jobbar med kontraktar frå Equinor. På Fjord Base i Florø er Equinor på sett og vis «matjorda» som får mykje anna aktivitet til å spire og gro. Dei fleste selskap her har på ein eller annan måte eit forhold til Equinor.
Florø er i dag den største forsyningsbasen i Norge, og aktiviteten dreier seg hovudsakleg om røyr. Florø er Equinor sin hovudbase for røyr, og den største røyrbasen i Nord-Europa. Her ligg det til ei kvar tid lagra 80.000 røyr, i tillegg til 20.000 som er under transport til eller frå ulike installasjonar. Florø styrer leveransene av alle foringsrør på norsk kontinentalsokkel for Equinor.
For å sikre både selskapet og staten verdiar, er grundig planlegging avgjerande. Alle operasjonar i Nordsjøen er svært kostbare. Derfor er det bygd opp robuste system for å handtere nesten alle tenkjelege hendingar. Helse, miljø og tryggleik for alle tilsette er viktig, men like viktig er at logistikken fungerer perfekt for alle prosjekt som skal utførast.
Eit døgn på Fjord Base
Som eit orkester
Vi sit i andre etasje med fire personar som jobbar med logistikk og er spesialistar innan sine felt. Det blir ein munter prat når dei må forklare arbeidet sitt på ein måte som alle kan forstå. Heldigvis er dei flinke til å forklare her i andre etasje.
– Vi er som eit orkester, der alle instrument må vere stemt for at resultatet skal bli bra, seier Stein Harald Sundal frå Equinor.
Han har vore planleggjar i ti år og har eit overordna ansvar for planleggjarane i avdelinga si. I Equinor si avdeling i Florø jobbar det 13 personar, der det meste handlar om logistikk: å sikre ein jamn flyt av varer, tenester og informasjon gjennom heile forsyningskjeda. Sundal er på sett og vis dirigenten, og instrumentet dei fleste spelar på i andre etasje, er OCTG.
Stammespråk: Kva er OCTG?
For oss utanfor baseporten kan forkortingar og «stammespråk» vere forvirrande. Slik er det på basen. Det er dessutan amerikanske måleeiningar som er styrande då Amerikarane var pionerane i Nordsjøen på slutten av 1960-talet, difor er det inch og foot og gallon som gjeld. Eit fat olje som er noko vi med åra har blitt vande med, og eit fat er 42 amerikanske gallons som i Norge vil vere 158,99 liter.
Eit fat olje blir dessutan forkorta (bbl) og slike forkortingar blir nytta på nesten alt i denne bransjen. Vi skal ikkje gå inn på alle, men ei forkorting er viktig å forklare: OCTG (uttalast «osetege» på norsk). Mykje dreier seg om dette på basen i Florø.
OCTG står for Oil Country Tubular Goods. På norsk betyr det alle røyr-liknande produkt som blir brukt i olje- og gassproduksjon. Florø er kompetansesenteret for heile denne produktgruppa og Equinor sin hovudbase for røyr, der desse planleggjarane jobbar.
Det er hovudsakleg tre ulike typar røyr som blir brukt i bransjen:
- Drillpipes (borerøyr): Desse røyra blir brukt til å bore ned til eit reservoar eller ein brønn. Dei har ei borekrone i enden og blir styrt til olje- eller gasslommene under havbotnen. Vatn og kjemikaliar blir pumpa gjennom borerøyret for å drive borekrona.
- Casing/Conductors (foringsrøyr): Dette er røyra som støttar opp boreholet som borerøyret har laga. Dei fungerer som stålveggar for å sikre at dei geologiske formasjonane ikkje kollapsar inn i boreholet.
- Tubing(produksjonsrøyr): Dette er forsyningsrøyret inne i foringsrøyret, og det er gjennom dette at oljen og gassen blir henta opp.
Vi møter tre av dei som jobbar med planlegging av OCTG for Equinor i Florø. Desse spesialistane sørger på kvar sin måte for at operasjonane flyt. Målet er at alt skal skje sikkert, med rett kvalitet, til rett tid og så billig som mogleg. Og over tid har det vist seg at det er fornuftig å bruke ressursar på å gjere alle ledd i denne forsyningskjeda robust. For nedetid, driftsstans og utsettingar er det som verkeleg gir raude tal i rekneskapen.
Sven Andre Vikener fagansvarlig og styrer lageret. Hans ansvar er å ivareta effektiv lagerdrift i samhandling med leverandørane ha det dei treng på lager, samtidig som han held lagerkostnadene nede.
Malene Røyrvik Brandsøyer fagansvarleg for alt som skal ut. Ho og teamet set opp bestillingar og sørger for at røyra som skal til Nordsjøen er klare for operasjonane dei skal settast inn i, og at dei er klargjorte hos leverandørane Equinor har avtalar med.
Knut Vinje Galaasener fagansvarlig, og Malenes motpol, og temaet har ansvar for alle røyra som kjem i retur. Røyr som har vore frakta i retur på supplybåtar ut kan ikkje berre leggjast rett på kaia og inn på lageret til Sven. Dei må sjekkast og inspiserast grundig for å sikre at dei framleis held god kvalitet før dei blir sendt ut på nytt. Røyr som ikkje består inspeksjonen eller blir reparert, blir sendt til gjenbruk.
Gjenbruk av høgkvalitetsstål
Sjølv om røyr blir skrapa – eller avhenda, som dei kallar det – betyr det ikkje at dei ikkje kan brukast til andre ting. Først og fremst er kvalitetskrava for røyr som Malene sender ut i produksjonen, svært høge, og det med god grunn. Røyra blir utsett for høgt trykk, ofte ein kilometer ned i bakken, og må tåle enorme krefter.
Sjølv om røyra Knut får tilbake ikkje passerer inspeksjonen og Sven ikkje kan ha dei på lager, er det framleis høgkvalitetsstål med stor restverdi. Slike røyr blir ofte brukt til kaifundament eller til pilarar for å stabilisere fundament under bygningar. Slike røyr blir brukt verda over i bygg- og anleggsbransjen.
Equinor sin rolle i norsk olje- og gassproduksjon er altså fundamental, og basen i Florø er ein livsnerve i dette systemet. Gjennom grundig logistikk, spesialisert kunnskap om røyrprodukt (OCTG) og eit sterkt fokus på effektivitet og gjenbruk, bidrar dei til å sikre at Norge framleis kan hente ut verdiar frå havbotnen. Dette komplekse samvirket gjer Equinor til ein avgjerande motor for både nasjonal økonomi og lokal aktivitet på Fjord Base.
Eit døgn på Fjord Base-vignett