Rykte ut til røykutvikling i bustad
Plus
Klokka 03.42 natt til måndag fekk 110 Vest melding om røykutvikling i ein bustad i Naustdal i Sunnfjord kommune.
Røyken skal ha stamma frå mat som hadde brunne seg, men det var i starten ikkje mogleg å få kontakt med bebuaren. Det var ein nabo som varsla naudetatane.
Naudetatane rykte ut til staden, og fekk etter kvart kontakt med bebuaren, ein mann i 20-åra. Han var uskadd, men det var mykje røyk i bustaden.
Ifølge operasjonsleiar Frode Kolltveit ved operasjonssentralen var det ikkje opne flammar på staden, berre behov for utlufting. Politiet rykte derfor ikkje heilt fram til adressa, og det blir ikkje oppretta sak.
🏷️ Extracted Entities (4)
Frode Kolltveit
(person)
Naustdal
(place)
Sunnfjord
(place)
Vest
(entity)