Herold

Trafikkulykke på E39 i Førde

Plus
Kilde: Firda Author: Julian Fløde Published: 2026-05-25 06:34:02
Trafikkulykke på E39 i Førde

Klokka 02.33 fekk naudetatane melding om ei trafikkulykke i den siste krappe svingen før Reset på E39 ved Halbrendslia i Førde.

Ifølgje operasjonsleiar Frode Kolltveit ved operasjonssentralen hadde bilen hamna i fjellveggen.

Då naudetatane kom fram til staden, fann dei bilen med open førardør, lysa på og motoren i gang, men utan sjåfør i eller ved bilen.

Airbagen var utløyst, men skadane på bilen var små, og det vart vurdert som lite sannsynleg at nokon var alvorleg skadd. Bergingsbil vart rekvirert, og ulykka førte ikkje til trafikale problem.

Politiet starta undersøkingar for å finne ut kven som disponerte bilen.

Klokka 03.57 kom politiet i kontakt med bilføraren, ein mann i 20-åra. Han var uskadd, men blåste over lovleg verdi på alkometeret. Mannen vart frakta til legevakta for blodprøve.

Klokka 05.32 var bilen fjerna frå staden, og vegen vart opna heilt att.

Kolltveit opplyser at politiet vil opprette sak på hendinga.

🏷️ Extracted Entities (5)

E39 (entity) Førde (entity) Frode Kolltveit (person) Halbrendslia (entity) Reset (entity)