Ingvar Hovland i nytt musikalsk prosjekt: – Det er eit handslag til dei utstøytte
Plus
Ingvar Hovland løftar dei utstøytte i samarbeidsprosjektet han har gåande med trompetisten Bjørn Mattis Eng.
Trompetisten Bjørn Mattis Eng står bak albumet «Folkefonna», med melodiøse songar laga for å få folk til å senka skuldrene og finna pusterom. Albumet blei gitt ut i november i fjor.
Nå har tekstforfattar Ingvar Hovland frå Egersund sett tekst til dei fleste songane. Han resiterer sjølv teksten til melodiane. Første singel er ute nå, og den neste kjem til hausten. Då kjem òg albumet, som har ti spor. Utgivinga skal markerast med releasekonsert i Egersund kulturhus 11. september.
– Me legg urpremieren til Egersund, seier Hovland.
Det blir òg konsert i Kristiansand, der Eng kjem frå. Og etterkvart kan det bli fleire konsertar, fortel den eine halvdelen av duoen, som har fått namnet Hovland & Eng.
Høyr songen her:
Den som he drukna (En som het)
Forslag frå felles venn
Ingvar Hovland har møtt Bjørn Mattis Eng i fleire samanhengar, blant anna på Visefestivalen og bluesfestivalen i Egersund. Det var ein felles venn av dei to som kom med forslaget om at Hovland skulle skriva tekstar til dei melodiøse songane på albumet «Folkefonna».
Han fortel at han syntest det var interessant å prøva å få melodi og tekst til å henga best mogleg i hop.
– Eg måtte lytta til musikken og finna noko som passa med stemninga. Men det er ikkje alltid tekst og melodi passar som hand i hanske, seier han.
Den nye utgåva av songen «En som het», som nå er ute som singel med tittelen «Den som he drukna», kallar Ingvar Hovland for «ein slags protestsong».
– Det er eit handslag til dei utstøytte, seier han.
Religiøse undertonar
Protesten får uttrykk i verselinjer som denne: «Du som ramla rett av lasse, blei møkkete i sinn og skinn. Porten e åben nå, du ska løftast inn».
Og mot slutten kjem denne: «Du som krybe i ei grøft og blir sett som en pest og ei plaga. Tårene skal tørkast av ditt kinn. Du ska sleppast inn».
Dei religiøse undertonane er meir enn tydelege, nikkar Hovland.
– Nesten litt som Jesus?
– Det er lov å forstå det sånn. Det er eit handslag til dei som ikkje har fått det til, seier han og held fram:
– Med dette handslaget vil eg insistera på verdigheita deira, og sånn sett referera til Den store boka.
Trur folk flest bryr seg
Han har i fleire samanhengar referert til oppveksten sin på Hovland bedehus – ofte har det vore når han har stått på scenen og vore løyen. Men han nikkar til spørsmålet om bedehusbakgrunnen har noko å seia for at han i dag skriv tekstar med religiøse undertonar.
– Det er eit sentralt tema hos deg, dette med folk som blir støytte ut?
– Ja, men det betyr ikkje at eg er eit spesielt godt menneske. Men det er absolutt eit tema som opptar meg. Eg skriv tekstar om det, men andre er betre enn meg til å gjera noko med det.
– Koss kan det ha seg at du tenkjer så mykje på denne gruppa?
– Er ikkje det naturleg? Eg trur det er nokså naturleg. Eg har barn og barnebarn, og eg er alltid redd at nokon skal falla utanfor. Det tenkjer eg er almennmenneskeleg, seier han og legg til:
– Eg trur menneskeheita er betre enn ryktet sitt. Eg trur folk flest bryr seg.
Sitat Ingvar
Fullt band og dansar
Alle musikarane som var med på originalinnspelinga av «Folkefonna», blir med på konsertane i samband med nyutgivinga. Det er snakk om Tom Andreas Kristensen på trommer, Alf Egil Aukan på gitar, Oscar Jansen på tangentar og Sunniva Solheim, som korer.
Ein dansar blir òg med; Tiril Charlotte Ormestad skal dansa på eit par av nummera.
Øystein Ellingsen er ute med ny singel: Veit at songen har vore til trøyst for mange
Days of August er ute med sitt tredje album: Har sleppt seg laus med rock og country